Overgangen frå utdanning til arbeid - jobbsøk og tidleg utfall i arbeidsmarknaden
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/16095Utgivelsesdato
2017-06-13Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Economics [301]
Sammendrag
I denne masteroppgåva undersøkjer eg kva som medverkar til ein god overgang frå utdanning til arbeid. Dette blir gjort ved å nytte tre mål på utfall i arbeidsmarknaden. Dei tre måla er varigheita av jobbsøket, startløna og varigheita av tilsettinga i den første jobben. Analysen blir gjort på anonymiserte, norske registerdata frå perioden 2003 til 2013. Datasettet inneheld detaljert informasjon om utdanning, arbeid, demografi og mottak av trygdeytingar. Det er grunn til å tru at utfalla er påverka av uobservert heterogenitet. Ei korrigering for dette blir gjort med økonometrisk modellering. Deltaking i arbeidsmarknaden kan henge saman med utfalla på måtar som ikkje lar seg observere. Eg nyttar derfor ein seleksjonsmodell for å fjerne skeivheit i dei estimerte effektane. Ytterlegare uobservert heterogenitet som kan påverke resultata blir diskutert. Resultata viser ein sterk samanheng mellom utdanning og gunstige utfall i arbeidsmarknaden, som kortvarig jobbsøk og høg startløn. I tråd med tidlegare norsk forsking, viser eg at avkastninga av høgare utdanning i Noreg er relativt låg i internasjonal samanheng. Avkastninga er derimot høg for individ med allmennfagleg vidaregåande skule, samanlikna med grunnskuleutdanning. Yrkesfagleg vidaregåande opplæring gir lite gevinst i form av startløn, men gir rask overgang frå utdanning til arbeid og stabil tilsetting. Vidaregåande skule betrar dermed utfalla i arbeidsmarknaden i betydeleg grad. Resultata viser òg at jobbsøk er produktivt på den måten at lenger jobbsøk gir høgare startløn. Samanhengen mellom vargheita av jobbsøket og varigheita av første jobben er derimot negativt. Dette kan indikere at det ikkje er rimeleg å rekne langvarig jobb som eit einsidig positivt utfall. Samanlikning med tidlegare litteratur tilseier at kjønn er ein mindre avgjerande faktor for utfall i arbeidsmarknaden enn tidlegare, og det blir ikkje estimert skilnad i løn mellom kjønna. Analyse av data er gjort med Stata 14. Databehandling er gjort med Stata 14 og MS Excel.