Partielle molare eigenskapar og løysingsevne til kalsiumfosfat ved høgtrykk studert ved hjelp av volum og kompresjon av natriumfosfat og kalsiumkolrid
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/1633Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Chemistry [500]
Sammendrag
Det har vorte utført tettleiksmålingar og lydfartsmålingar på vassløysningar av natriumdihydrogenfosfat, dinatriumhydrogenfosfat, trinatriumfosfat og kalsiumklorid. Målingane har vorte gjort for ulike konsentrasjonar i området 0,02-0,2 m og ved ulike temperaturar. Tilsvarande har vorte gjort med dei same stoffa med 20 vektprosent sukroseløysning som løysemiddel i staden for reint vatn. For to konsentrasjonar med vassløysningar av dinatriumhydrogenfosfat vart det utført lydfartsmålingar under høgtrykk i området 1-1400 bar. Ved hjelp av desse måleresultata har molare volum og molare isoterme og isentropisk kompresjonar vorte utrekna. Både partielle molare storleikar og tilsynelatande molare storleikar har vorte utrekna og samanlikna. Det viser seg at desse storleikane ikkje alltid gjev det same resultatet. Mjølk inneheld ein del kalsiumfosfat i miceller. Høgtrykkbehandling av mjølk påverkar dette kalsiumfosfatet. For å sjå nærare på løysingsevna til kalsiumfosfat under trykk vart termodynamiske storleikar for dinatriumhydrogenfosfat ved ulike trykk nytta. Ut frå desse storleikane vart endring i løysingsevna for kalsiumfosfat ved ulike trykk utrekna.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved