Mange politiske mål på få mål jord - ein analyse av partipolitikkens rolle i forvaltinga av norske jordressursar
Abstract
The point of departure for this thesis is the inconsistency between national goals to conserve farmland, and the local management of this natural resource, which prevents Norway from complying with its national goals. The research question is: What role do party politics play in the management of Norwegian land resources? The state wants a high level of food security, and therefore needs land to be conserved for food production purposes. On the other hand many municipalities are experiencing growth and have needs for houses, industries, public buildings and infrastructure. According to theory on multi-level democracy the state will apply hard governmental tools when there is a conflict between national and local goals. Even though such a conflict exists in this case, I find that local politicians have a relatively large room for manoeuvre in the management of farmland. I expect the parties’ agricultural ideology and municipal ideology to play out in how local politicians manage farmland. By content analysis of the party programs I place the parties along these two cleavages and find that the political parties do differ considerably on how strongly agricultural property should be regulated, and how much power should be decentralised on issues concerning land use. Through a survey question on land use in the seventh round of the Norwegian Citizen Panel I further find that respondents differ in the same way as the parties they would vote for along the cleavage of agricultural ideology. Still, regression analysis on farmland conversion in Norwegian municipalities shows that none of the cleavages have a statistically significant effect on the local management of farmland. To find out why this is not the case, I execute a comparative case study of the two municipalities of Spydeberg and Hobøl. They are chosen through a Most Similar Systems Design as they are equal in every geographic and demographic respect, but they converted a very different amount of farmland in the four-year-period before and after 2011. Both also experienced a change in party leadership in 2011, and therefore reflect the apparent lacking party effect on local management of farmland. By interviewing politicians and others working with farmland conversion, I find that most of them consider party politics to be very important locally, even though it is not reflected in how much farmland that is actually converted. The main finding of the thesis is that conservation of farmland is weighted in a local context, not in a party political one. Denne oppgåva tar utgangspunkt i det gapet som eksisterer mellom nasjonale jordvernmål og den lokale forvaltinga av jordressursar i Noreg. Staten har mål om høg matsikkerheit, og difor behov for å verna jord. Kommunane på si side har mål om utvikling og vekst, og treng bustader, næringsareal, offentlege bygg og infrastruktur. Teori om fleirnivådemokrati seier at styringa frå staten si side vil vera hard når dei nasjonale og dei lokale måla står i motsetnad til kvarandre. Sjølv om måla her er i konflikt, finn eg at lokalpolitikarane har eit stort lokalt handlingsrom i arealpolitikken. Problemstillinga for oppgåva er: Kva rolle spelar partipolitikken i forvaltinga av norske jordressursar? I det lokalpolitiske handlingsrommet forventar eg at særleg to partipolitiske konfliktlinjer vil vera synlege: ei kommuneideologisk som omhandlar kor mykje avgjerslemakt partia vil desentralisera, og ei jordbruksideologisk som omhandlar kor sterkt partia vil regulera landbrukseigedomar. Ein innhaldsanalyse av partiprogramma viser at det er stor usemje mellom partia langs desse to konfliktlinjene. I runde 7 av surveyundersøkinga Norsk Medborgarpanel finn eg at veljarane fylgjer partia sine langs den jordbruksideologiske konfliktlinja. Gjennom regresjonsanalysar av omdisponeringa i norske kommunar, finn eg likevel at ingen av dei to konfliktlinjene har ein statistisk signifikant effekt på forvaltinga av jordressursar lokalt. For å finna ut kvifor, utfører eg ein komparativ casestudie av Spydeberg og Hobøl. Dei to kommunane er vald ut frå eit Most Similar Systems Design: Dei er like på alle geografiske og demografiske variablar, men har likevel omdisponert svært ulik mengd dyrka jord i kommunestyreperioden før og etter lokalvalet 2011. Begge kommunane opplevde også eit politisk skifte av styringskoalisjon i 2011, og reflekterer såleis den tilsynelatande manglande partieffekten i jordforvaltinga. Gjennom intervju med lokalpolitikarar og andre som jobbar med jordvern, finn eg at partipolitikken også lokalt vert oppfatta å vera viktig i jordvernspørsmål. Likevel er det ei rekke lokalspesifikke årsaker til at omdisponering av dyrka jord skjer uansett kva som står i partiprogrammet til partia som sit med makta. Hovudfunnet i oppgåva er at jordvernet vert vekta i ein lokal kontekst, ikkje ein partipolitisk.