Ferieval og identitetskjensle - om sveitsarar sine førestillingar om feriemålet Norge
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/1718Utgivelsesdato
2001Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Geography [710]
Sammendrag
Oppgåva handlar om tolv sveitsarar sitt forhold til Norge, til ferie og feriemålsval og til identitet, men det eigentlege utgangspunktet for arbeidet kan uttrykkjast slik: Kva slags førestillingar har sveitsarar om Norge som reisemål, og kva er det ved landet vårt som gjer det til eit aktuelt reisemål for sveitsarane? Førestillingar knytte til stader, det som blir kalla romlege representasjonar, er eit viktig utgangspunkt for denne oppgåva. Eg reknar med at romlege representasjonar spelar ei stor rolle for turistane sine val om å reise til Norge. Romlege førestillingar er kulturskapte fenomen. Dei er sosiale konstruksjonar som er delar av ein større heilskap. For å få innsikt i dei samanhengane førestillingar om stader er ein del av, har eg valt ein innfallsvinkel som går vegen om turisme og reiseliv. Derfor er utgangspunktet for analysedelen i denne oppgåva spørsmål som dreiar seg om det å reise.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved