Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaukanes, Line
dc.date.accessioned2018-07-02T07:57:14Z
dc.date.available2018-07-02T07:57:14Z
dc.date.issued2018-06-05
dc.date.submitted2018-06-04T22:00:06Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17855
dc.description.abstractOppgåva tek føre seg eit prosjekt der Voss kommune vurderer om dei skal etablera eit reservevassverk på Bømoen. Målet med oppgåva er å legga fram ein plan for å verna vassressursane i området, og ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for å seia noko om risikoen for ureining og sårbarheita til grunnvassførekomsten. Innsamling av data for å kunna seie noko om grunnvassførekomsten, gjekk føre seg i 2017 og 2018. Det vart samla inn vassprøvar, utført måling av elektrisk leiingsevne, samla inn data med dataloggarar og undersøkt området for ureiningskjelder. Vassprøvane vart teke for å undersøka om dei kjente ureiningskjeldene påverka vasskvaliteten og om verdiane var innanfor grenseverdiane i drikkevassforskrifta (2016). Det er fleire potensielle ureiningskjelder i området som kan utgjera ein risiko for vasskvaliteten, t.d. flyplass, ureina grunn og avfallsdeponi. Dataloggarar vart nytta til å henta informasjon om variasjon i temperatur og grunnvassnivå i brønnar. Desse målingane kan vera med på å seie noko om opphaldstid og korleis grunnvasstanden blir påverka av pumping i brønnane. Resultata av vassprøvane viser i hovudsak ein god kvalitet på grunnvatnet teke ut på Bømoen. I ein brønn er det problem med mangan og jern, og dei overskrid grenseverdien for drikkevasskvalitet ved nokre prøvetakingar. Elva verkar som ein god hydraulisk barriere, og det er ikkje ein indikasjonar på at ureina grunnvatn frå Bjørkemoen vert trekt inn til brønnane på motsett side av elva. Temperaturdata frå loggarane viser at nokre brønnar er meir påverka av elva enn andre. Basert på dei ulike funna i felt og vidare analyse av data, er det lagt fram ein tryggingsplan og ein ROS-analyse. Ut i frå ROSanalysen kjem det fram at det er fleire ureiningskjelder som kan trua kvaliteten på vatnet, men at det er ein vassførekomst med eit godt vern, då grunnvatnet har ei mektig umetta sona.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleRisiko- og sårbarheitsanalyse av eit reservevassverk på Bømoen, Vosseng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2018-06-04T22:00:06Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i geografi
dc.description.localcodeGEO350
dc.subject.nus733111eng
fs.subjectcodeGEO350
fs.unitcode15-41-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel