• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Economics
  • Department of Economics
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Economics
  • Department of Economics
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Avkasting av utdanning målt ved livsløpsinntekt

Ulvedal, Åshild Østerbø
Master thesis
Thumbnail
Åpne
master thesis (730.0Kb)
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/18708
Utgivelsesdato
2018-06-15
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Department of Economics [286]
Sammendrag
I denne masteroppgåva undersøker eg skilnader i livsløpsinntekt mellom ulike grupper i samfunnet. Dette blir gjort ved å ta utgangspunkt i individa sine inntektsprofilar over livsløpet. Dei estimerte inntektsprofilane blir diskonterte med ein rate på 2,5 prosent, korrigerte for skatt, og til slutt summerte. Analysen er gjort på anonymiserte, norske registerdata der alle individa er observert frå 1996 til 2006. Datasettet inneheld detaljert informasjon om blant anna utdanning og pensjons¬poeng. Opptente pensjonspoeng blir brukt til å estimere pensjonsgivande inntekt for dei ulike individa. Det er grunn til å tru at skilnadene i livsløpsinntekt også kan skuldast heterogenitet som ikkje lar seg observere, dette blir diskutert. Livsløpsinntektene blir funne ved bruk av ein fasteffektmodell. Resultata viser i hovudsak at det eksisterer ein positiv samanheng mellom utdanningslengde og livsløpsinntekt. Høgare utdanning fører til høgare inntekt over livsløpet. Desse resultata er i tråd med tidlegare studiar av livsløpsinntekt gjennomført i Norge. Livsløpsinntektene er høgast for dei med lange profesjons¬retta utdanningar, slik som til dømes medisinarar, juristar, siviløkonomar og forskarar. Typisk er avkastinga låg for lærarar, utdanningar innan helse- og omsorg, og humanistiske fag. Resultata viser at kvinner gjennomgåande har lågare livsløps-inntekter enn menn. Skilnadene er mindre dess lengre utdanning dei har. For utdannings¬typane som kjem ut med livsløpsinntekter på topp, er skilnadene mellom kvinner og menn små. Effekten på livsløpsinntekta av å få barn er stort sett positiv for begge kjønn, men spesielt positiv for menn. Geografisk er livsløpsinntektene nokså like i Norge. Oslo, Akershus og Hedmark har høgaste gjennomsnittlege livsløpsinntekter, medan vi finn dei lågaste i Østfold, Troms og Finnmark. Samanliknar vi dei fire største byane i Norge er det Oslo som kjem best ut, men skilnadene er ikkje særleg store. Databehandling, utrekning og analyse er gjort ved bruk av Stata 15.
Utgiver
The University of Bergen
Opphavsrett
Copyright the author. All rights reserved.

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit