Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMeling, Bjørnar
dc.date.accessioned2019-06-06T01:13:09Z
dc.date.available2019-06-06T01:13:09Z
dc.date.issued2019-06-06
dc.date.submitted2019-06-05T22:00:03Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/19883
dc.description.abstractOrdsekvensar, også kalla ‘chunks’ på engelsk, er ein viktig del av det engelske vokabularet. Denne masteroppgåva undersøkjer mogelege effektar av å bruka læringsstrategiar inspirert av kognitiv lingvistikk i undervisning av akademiske ordsekvensar. Forsking frå kognitiv lingvistikk viser at dei semantiske og strukturelle eigenskapane ved mange ordsekvensar ikkje er tilfeldige. Dei kan forklarast med utgangspunkt i prinsipp om likskap eller nærleik som dannar grunnlag for til dømes metaforar, rim og allitterasjonar. Lingvistiske studiar viser også at undervisningsmetodar som fører til auka forståing av desse mekanismane, og auka evne til å kjenna igjen ordsekvensar i språket, er pedagogisk effektive. For å undersøkja desse effektane nærmare, vart det gjennomført eit eksperiment med to eksperimentgrupper og ei kontrollgruppe. Deltakarane gjennomførte fire ulike oppgåver. Masteroppgåva måler bruk, evne til gjenkjenning og forståing av ordsekvensar. Den same testen vart nytta som pre-test og post-test før og etter eit undervisningsopplegg. Dette undervisningsopplegget nytta didaktisk metode basert på teori om ‘chunks’. Testresultata blei analysert med ein ANCOVA-test, som presenterte blant anna sannsynsverdiar (p-verdiar) og verdiar for effektstorleik, samt statistisk deskriptive mål i form av gjennomsnittsverdi og standardavvik. Studien fann at læringsopplegget hadde ein liten, positiv effekt på gjenkjenning av ordsekvensar, men at opplegget ikkje hadde signifikant effekt på eksperimentdeltakarane sin bruk og forståing av ordsekvensar. Analysen indikerte også at akademiske idiom er særleg eigna i undervisning inspirert av kognitiv lingvistikk. Funn i oppgåva tyder også på at høgt-presterande og homogene klassar får større utbyte av undervisningsopplegg basert på kognitiv lingvistisk teori.en_US
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.subjectvocabulary
dc.subjectsecond language acquisition
dc.subjectformulaic sequences
dc.subjectchunks
dc.subjectacademic vocabulary
dc.subjectcognitive linguistics
dc.subjectformulaic language
dc.titleChunks in the classroom: An experiment on the use of Cognitive Linguistic principles in academic vocabulary instruction among Norwegian upper secondary ESL-students
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-05T22:00:03Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgåve
dc.description.localcodeMPENGL
dc.description.localcodeZMPHFFAK
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel