Self-Assessment and Motivation A Mixed Method Study of a Group of English L2 Students in Norwegian Lower Secondary Education
Abstract
Vurdering for læring, og eigenvurdering som ein del av den, har vore viktige satningsområder for Utdanningdirektoratet (UDIR) sitt arbeid i norsk skule der målet har vore å få på plass vurderingsrutiner som understreker verdien av den formative vurderinga av eleven sitt arbeid. Utgangspunktet for denne studien var ei særskild interesse i korleis eigenvurdering kunne bli sentral i mi eiga engelskundervisning. Denne masteroppgåva i engelsk fagdidaktikk hadde som mål å undersøke om formativ vurdering i form av eigenvurderingsskjema kunne motivere elevar til å forplikte seg til å arbeide med engelskoppgåver. Bakgrunnen for tanken om eigenvurdering som instrument for å fremje autonom åtferd, si effekt på motivasjon, låg i teorien om at autonome elevar er motiverte elevar. I tillegg hadde studien som mål å få innsyn i elevane sine tankar og meiningar om eigenvurderingsprosessen og instrumenta brukt i den prosessen. Studiet er ei kombinert metode (mixed method) undersøking av elevar sine eigenvurderingar gjennom første semester i åttande klasse og ei innleiande og ei avsluttande spørjeundersøking om eigenvurdering og motivasjon. Analysen er utført ved hjelp av triangulering. Data frå den kvalitative databasen kan vere med å kaste lys over data i den kvantitative databasen og vice versa. Funna tyder på at elevane sette pris på den muligheten som eigenvurdering gav til å vurdere seg sjølv og til å kommunisere tankane sine til læaren. På byrjinga av åttande klasse i ungdomsskulen, er det lite som tyder på ein direkte samanheng mellom eigenvurdering og motivasjon. Det er heller ingenting i materialet som tyder på at elevane, på dette stadiet, var opptekne av muligheten til å være autonome i læringsprosessen. Elevane gav inntrykk av å vere mest opptekne av relasjonen til læraren og rammene for det dei skulle lære, det vil seie vurderingskriterier. Didaktiske implikasjonar for framtidig eigenvurdering tilseier at eigenvurdering må ta inn over seg elevane sitt behov for å skape relasjon til læraren og det å forstå kva for rammer og kriterier som gjeld for denne nye læresituasjonen. Mi anbefaling er difor at eigenvurderingsaktivitetar på dette stadiet i Engelskutdanninga tek form som både intra- og interpersonleg dialog slik at elevane utvikler både sine interpersonale kommunikative og metakognitive evner.