Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorØksnes, Monika
dc.date.accessioned2019-06-26T00:31:51Z
dc.date.available2019-06-26T00:31:51Z
dc.date.issued2019-06-26
dc.date.submitted2019-06-25T22:00:17Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20410
dc.description.abstractMasterprosjektet «Undersøking av forholdet mellom flaumstorleik og sediment i Vangsvatnet» er ein del av HordaFlom-prosjektet, som ønsker å auke kunnskapsgrunnlaget i kommunal forvaltning med tanke på flaumutfordringar samfunnet står ovanfor i dag og i framtida. Motivasjonen bak dette studiet er å komme eit steg nærmare ein framgangsmåte for å betre estimatet til vassføringar med eit viss gjentaksintervall, i Vangsvatnet. Formålet er dermed å gjere reie for kva signatur flaumavsette sediment har i Vangsvatnet, knytte flaumsignalet til kjeldeområde, undersøke korleis magnetiske eigenskapar i flaumavsette sediment endrar seg med aukande avstand frå innløpet til Vosso og kople desse endringane til flaumstorleiken. Det vart teke seks kjernar med aukande avstand frå innløpet til Vosso. Høgoppløyseleg overflateskanning vart brukt for å identifisere flaumlag i sedimentkjernane. Deretter brukte ein høgsensitive, magnetiske målingar på prøvar frå sedimentkjernane VATG-218, -318 og -618 og utvalde nedslagsprøvar. Prøvane frå nedslagsfeltet vart tekne av Fjellheim (2018) i samband med hennar masterprosjekt. Det vart også laga ein aldersmodell for VATG-218, -318, og -618, for å korrelere flaumlaga i sedimentkjernane med historiske flaumar av kjent storleik. Resultata viser at avsettingane langs Vosso og i Raundalen har ein låg paramagnetisk ratio (1,5), medan i Bordalen har avsettingane ein høg paramagnetisk ratio (3,7). Det betyr at avsettingane dominerast av høvesvis ferro/ferrimagnetiske og paramagnetiske mineral. Den paramagnetiske ratioen i sedimentkjernane VATG-218 og -318 er høg (2-3) i sedimenta avsett før 1600 AD, medan sedimenta avsett etter 1600 AD og i VATG-618 har ein stabil ratio mellom 1 og 1,5. Dette indikerer at sedimenta i VATG-218 og -318 inneheld signal frå både Bordalelvi og Vosso. Det vart stadfesta at flaumavsette sediment i Vangsvatnet har ein viss proporsjonalitet med aukande avstand frå innløpet til Vosso og med flaumstorleiken, med hjelp av paramagnetisk ratio, ARM, og forholdet mellom ARM og χBulk293K. χBulk293K viste proporsjonalitet med aukande avstand frå innløpet til Vosso, medan proporsjonaliteten mellom stigningstalet (β) til χBulk293K og vassføring var låg. Utfordringane i studiet har vore at kjernane inneheld mykje organisk materiale og har eit varierande vassinnhald, noko som kan ha påverka XRF-målingane. Fleire flaumlag frå historiske flaumar bør verte identifisert for å auke datagrunnlaget.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.subjectFlaum HordaFlom Innsjøsediment Miljømagnetisme Vangsvatnet Vassføring Voss
dc.titleUndersøking av forholdet mellom flaumstorleik og sediment i Vangsvatnet
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-25T22:00:17Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i geovitskapen_US
dc.description.localcodeGEOV399
dc.description.localcodeMAMN-GEOV
dc.subject.nus756199
fs.subjectcodeGEOV399
fs.unitcode12-50-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel