• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Information Science and Media Studies
  • Master theses
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Information Science and Media Studies
  • Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Den overvakande borgaren i nyheitsstraumen

Skulbru, Ruth Mari
Master thesis
Thumbnail
View/Open
master thesis (744.7Kb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/20469
Date
2019-06-27
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master theses [57]
Abstract
Denne studien tek utgangspunkt i Facebook som plattform for nyheitsformidling. Studien forsøk å svare på korleis unge vaksne opplev sin eigen nyheitsbruk i ein fragmentert og individorientert mediekvardag og kva erfaringar dei gjer seg gjennom nyheitsstraumen på Facebook. For å finne svar på dette tek studien utgangspunkt i intervju som går i djupna på unge vaksne sin mediebruk. I tillegg til å gjennomføre intervju er ein liten del av denne studien tildelt think-aloud metoden som bruk av metode. Studien legg vekt på korleis unge vaksne i alderen 19 til 26 år brukar Facebook som plattform for nyheitstilgang og korleis fragmentering og individorientert innhald kjem til uttrykk gjennom nyheitsstraumen. Dette er ein generasjon som har vore med i eit skifte frå dei tradisjonelle mediene i overgangen til nettbaserte medier. Studien viser at dei største avisene i Noreg offline, og er dei som er størst online blant unge vaksne i denne aldersgruppa. Studien diskuterer funksjonen av å følgje nyheitsmedier i sosiale nettverkstenestar som Facebook, og korleis dette kan påverke kommunikasjons- og informasjonsflyten gjennom filterbobler og ekkokammer. Kapittel fire er delt inn i to ulike delar, der den første delen tek utgangspunkt i dei funksjonane på Facebook som grip om det individorienterte innhaldet og korleis fragmenteringa kjem til uttrykk her. I den siste delen kan du lese om dei sosiale dimensjonane ved nyheitsstraumen på Facebook som kan fortelje oss noko om kva funksjon vener har i eit nyheitsperspektiv. Gjennomgåande vil sentrale teoriar som Michael Schudsons overvakande borgar og John Zallers innbrotsalarm bli diskutert i lys av ulike aspekt ved nyheitskonsum gjennom nyheitsstraumen. Her vil eg òg trekkje fram ulike omgrep som kan fortelje oss noko om korleis unge vaksne hentar informasjon frå nyheiter gjennom individorienterte funksjonar. Sentrale omgrep vil vere Kim Christian Schrøder og Bent Steeg Larsens worthwhileness, David Mathieu og Tereza Pavlicova omgrep som handlar om korleis nyheitsstraumen må ha relevans, og Denis McQuail sin teori om at eit medium må dekkje eit behov hjå brukaren. Studien kan bidra til ei forståing av korleis Facebook kan bli betrakta som ein plattform for krysning mellom ulike kjelder for nyheitstilgang, og korleis unge vaksne nyttar seg av denne plattforma for å oppretthalde den overvakande funksjonen som samfunnsborgar. Studien peikar dessutan på positive sider knytt til individorientert innhald i nyheitsstraumen, men ser og utfordringane med fragmenteringa.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the Author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit