Oral participation in the EFL classroom: A study of variables that might affect students’ oral participation in the Norwegian upper-secondary EFL classroom
Master thesis

View/ Open
Date
2020-03-07Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [219]
Abstract
Engelsk er i dag rekna som eit globalt språk som brukast i store delar av verda. Difor er det naturleg at det er fokus på kommunikasjon i engelskfaget i skulen (Utdanningsdirektoratet 2013). I denne oppgåva ser eg på munnleg kommunikasjon, der målet er å undersøke ulike variablar som kan påverke elevane sitt val om å delta munnleg på engelsk i klasserommet. Dei variablane som vil bli undersøkt er klasseromsaktivitetar (pararbeid, gruppearbeid eller klassediskusjonar). I denne variabelen vil også påverknaden av tema og samtalepartnarar bli undersøkt. Vidare ser eg på påverknaden av å oppleve nervøsitet/engstelse for å snakke engelsk, bruken av norsk i klasserommet, og til slutt, elevane si oppfatning av eiga evne til å snakke engelsk. Både den generelle påverknaden av variablane vart undersøkt i tillegg til om påverknaden av variablane endra seg i dei ulike klasseromsaktivitetane. Undersøkingane blei gjennomført i ein vidaregåande skule i to ulike klasser. Det blei samla inn både kvalitative og kvantitative data frå klasseromsobservasjon, spørjeskjema og individuelle intervju. Resultata viste at elevane foretrakk å arbeide i par eller grupper framfor å delta i klassediskusjonar. I tillegg var dei mest komfortabel med å kommunisere med vener framfor kjenningar i klasserommet. Temaet påverka også elevane i ulik grad der enkle og kjente tema ofte var føretrekt framfor vanskelege tema. Fleirtalet av elevane opplevde ikkje meir nervøsitet i engelskfaget enn i andre fag. Likevel var det også elevar som opplevde nervøsitet. Bruken av norsk viser at elevane er påverka av kva slags språk læraren og medelevane vel å bruke i tillegg til å vere knytt til bestemte kontekstar. For enkelte elevar blir også bruken av norsk påverka av at det ikkje alltid opplevast som naturleg å bruke engelsk i klasserommet. Fleirtalet av elevane har trua på si eiga evne til å snakke engelsk i klasserommet. Likevel var det også fleire elevar som blir påverka negativt. Fleire trudde også at læraren ikkje hadde same oppfatninga av evnene deira til å snakke engelsk som dei sjølve. Påverknaden av variablane endra seg også i forhold til om elevane deltok i pararbeid, gruppearbeid og klassediskusjonar, og i forhold til temaet og samtalepartnarane. Prosjektet konkluderte med at elevane si munnlege deltaking vart påverka av dei ulike variablane, og at faktorar som påverkar munnleg deltaking i engelsk-klasserommet burde bli forska meir på i ein norsk kontekst. Det er viktig å vite korleis ein som lærar skal legge til rette for munnleg aktivitet og utvikling på ein måte som er komfortabelt for elevane.
Description
Revised version: appendices removed