Playful Parody and Philosophical Counter-Narrative: Douglas Adams’ Science Fiction Comedy
Master thesis
View/ Open
Date
2020-06-12Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [213]
Abstract
Denne masteroppgåva tar føre seg den parodiske science fiction-trilogien, The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy av Douglas Adams, som diverre vert diskutert svært lite i akademia. Oppgåva ser på korleis forfattaren nyttar parodi sjangeren til å kommentera på dei tomme paradigma i science fiction, samstundes som han produserer ein mot-forteljing til den eksisterande dystopiske litteraturen. Oppgåva definerer difor bøkene som positiv dystopi. Grunna bøkenes post-moderne parodiske natur er dei svært vanskelege å definere, trilogien er difor også definert, i denne oppgåva, som ein komedisk science fiction-parodi med element frå den pikareske tradisjonen. Dystopisk litteratur er framleis populært i det 21. hundreåret og Douglas Adams sine bøker er difor framleis aktuelle som mot-forteljingar i dag. Gjennom bøkene sin parodiske mot-forteljing vert lesaren presentert for ei ny og frigjerande filosofisk måte å sjå og forstå verda på. Bøkene til Adams utfordrar grensene for kva me tenker science fiction skal innehalda. Dei utfordrar òg vår forståing av kva ein legg i omgrepa forteljar, plot og karakter. For å undersøka desse elementa i bøkene tar eg i bruk teoriar om science fiction, parodi, metafiksjon og narratologi. I kapittel ein utforskar eg konsepta novum, World Building og Big Dumb Objects. Dette er konsept som er direkte relatert til science fiction-sjangeren. I kapittel to vert dei narratologiske konsepta forteljar og forteljing studert med omsyn til korleis dei fungerer i ein moderne parodi og i samanheng med den pikareske tradisjonen. I kapittel tre tar eg føre meg korleis karakterane i trilogien fungerer sett i høve dei overordna parodiske elementa og i samanheng med den gjennomgåande filosofiske tankegangen i bøkene.