Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStautland, Helge Johan
dc.date.accessioned2020-06-24T05:34:28Z
dc.date.available2020-06-24T05:34:28Z
dc.date.issued2020-06-20
dc.date.submitted2020-06-19T22:00:10Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/22869
dc.description.abstractHovudmålet med denne masteroppgåva er å undersøkja livssyn i dei skjønnlitterære tekstane i Global Visions – ei lærebok for programfaget Internasjonal engelsk. Oppgåva byggjer på eit teoretisk rammeverk for livssynsanalyse og interkulturell kommunikasjon, og diskuterer analysefunna opp mot elevane si utvikling av interkulturell kompetanse. Oppgåva gjer seg nytte av kvalitativ metode, der tekstane er analyserte tematisk. Å forstå ‘den andre’ er mellom anna å reflektera over kva livssyn og verdiar han byggjer si oppfatning av verda og livet på. Det handlar også om å få større forståing for eige livssyn og identitet, individuelt og kulturelt. Slike perspektiv kjem til uttrykk i ulike rammeverk og læreplanar. Gjennom skjønnlitteraturen får eleven unike leseopplevingar, og ofte nære møte med andre karakterar i kjende og ukjende samanhengar. Analysane viser at fleire livssynstema blir direkte eller indirekte belyste av tekstane. Verkelegheitsoppfatning, mennesket sin ibuande verdi, det autonome mennesket og trua på framsteget er nokre viktige tema. Eit sentralt funn er at vestlege livssynsperspektiv og verdiar i ei viss grad blir tekne for gitt. Mange tekstar har karakterar som representerer moderne og sekulære kontekstar. Når andre livssynsperspektiv blir gitt plass i tekstane, er det med nokre få viktige unnatak gjerne gjennom dei noko eksotiske og annleistenkjande ‘andre’ karakterane i tekstane. Oppgåva drøftar også korleis medvit om dette er viktig når det gjeld undervisning og utvikling av interkulturell kompetanse. Oppgåva ser også særskilt på korleis livssynskonflikt pregar tekstane, då mykje teori om både livssyn og interkulturell kommunikasjon byggjer på premissen om at konflikt og ueinigheit ofte er uunngåeleg. Analysane viser at konflikt er eit gjennomgangstema i fleirtalet av tekstane. Ofte har slike konfliktsituasjonar uvisse og tvitydige avslutningar, noko som kan seiast å spegla den verkelege verda. Ein sentral didaktisk implikasjon av dette er at elevane sjølve må gjera seg opp vurderingar om meining, og at det blir lagt til rette for refleksjon rundt ulike livssyn og ståstader. I tekstane ser ein også at det finst noko som sameinar menneskeslekta: Den ibuande verdien til kvart menneske, og kva konsekvensar dette har for mellommenneskelege relasjonar.en_US
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectEnglish didactics
dc.subjectinterkulturell kompetanse
dc.subjectEnglish
dc.subjectIC
dc.subjectEFL
dc.subjectidentity
dc.subjectFL learning
dc.subjectintercultural competence
dc.subjectinterkulturell kommunikasjon
dc.subjectlivssyn
dc.subjectliterary texts
dc.subjectengelsk
dc.subjectIntercultural communication
dc.subjectskjønnlitteratur
dc.subjectworldviews
dc.subjecttextbook
dc.subjectliterature
dc.titleExploring traces of worldviews in literary texts in an EFL textbook
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-19T22:00:10Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk
dc.description.localcodeVID-MAUENG
dc.description.localcodeENGMAU650
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENGMAU650
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel