Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSande, Johanna Brandal
dc.date.accessioned2020-06-26T04:29:38Z
dc.date.available2020-06-26T04:29:38Z
dc.date.issued2020-06-26
dc.date.submitted2020-06-25T22:00:40Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/22974
dc.description.abstractI læreplanverket LK06 blir det set fokus på at programfaga i engelsk i den norske skulen blant anna skal fremje både danning og interkulturell kompetanse. Danning blir sett på som eit overordna mål i den norske skulen, og handlar om at elevane skal tileigne seg kunnskap om faga, men også utvikle seg på eit personleg plan. Tidlegare forsking har sett lys på at fiksjonstekster kan opplevast som spesielt passande for å fremje aspekt ved danning og interkulturell kompetanse. Interkulturell kompetanse kan kort forklarast som evna til å kommunisere med menneske frå andre kulturar enn din eigen basert på haldningar og kunnskapar. Fiksjonstekstar kan gi elevane moglegheita til å setje seg sjølv i andre sine sko, og kan gi unike innblikk i perspektiv som kan utvide elvane sitt syn på verda. Tekstane kan også vere med på å utvikle elevar sine haldningar og verdiar. I denne oppgåva har eg undersøkt korleis aspekt ved danning og interkulturell kompetanse kjem til syne i vidaregåandeelevar sine refleksjonar rundt det å jobbe med fiksjonstekster både i og utanfor engelskklasserommet. Målet var ikkje å generalisere ein større del av elevar i den norske skulen, men gå i djupna på korleis nokre elevar opplevde å jobbe med engelske fiksjonstekstar. Det teoretiske rammeverket for oppgåva var i stor grad basert på Klafki (1996) sin forklaring av ulike tradisjonar for danning i skulesamanheng, og Michael Byram (1997) sin modell for interkulturell kompetanse. Metodane som blei brukt var ei digital spørjeundersøking med kvantitative og kvalitative element i form av opne og lukka spørsmål. 64 elevar svarte på spørjeundersøkinga. I tillegg gjennomførte eg semi-strukturerte kvalitative intervju med fire av elevane. Elevane som deltok var anten med på programfaget internasjonal engelsk eller engelsk litteratur og kultur. Studien blei gjennomført i tidsrommet oktober - november 2019. Hovudfunna frå studien tyder på at nokre aspekt ved danning og interkulturell kompetanse kom til syne i refleksjonane til elevane. I hovudsak var det delar ved danning som omhandla at det blei vekka kjensler i elevane på grunn av personleg engasjement i teksten som var tydeleg. Når det gjeld interkulturell kompetanse, kom aspekt ved dette mest tydleg fram når det gjaldt elevane si positive haldning til å lære om forskjellege kulturar. Funna indikerte også at det var ein mangel på kritisk refleksjon rundt fiksjonstekstane frå elevane si side. Funna seier dermed noko om viktigheita av at det må leggast til rette for at elevane skal møte tekstar med ein kritisk distanse, ikkje berre bli personleg engasjert i tekstane.en_US
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectEnglish didactics
dc.subjectintercultural competence
dc.subjectbildung
dc.titleAspects of Bildung and Intercultural Competence in upper secondary EFL pupils' thoughts on reading and working with fictional texts: A mixed-methods study.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-25T22:00:40Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.description.localcodeENG350
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel