«Hvordan skal jeg kunne finne ut av det?» Ein kvalitativ studie av korleis elevar arbeider for å forstå tal og fakta som ikkje gir meining for dei
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/23351Utgivelsesdato
2020-07-17Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [93]
Sammendrag
Dei nye læreplanane skal legge til rette for djupnelæring. Dette medfører mellom anna at utforskande arbeid og kritisk tenking er sentrale satsingsområde i norsk skule. For å kunne fremme elevane sin kompetanse i å lære og utforske, er det nødvendig med kunnskap om korleis elevane arbeider for å auke eiga forståing. Formålet med dette masterprosjektet er å undersøke korleis elevar arbeider for å forstå tal og fakta som ikkje gir meining for dei. Prosjektet er ein kvalitativ studie som baserer seg på ein analyse av lydopptak som har blitt gjort på 9. trinn på to ungdomsskular i Bergensområdet. Lydopptaka har blitt gjort medan elevane arbeidde saman i grupper med oppgåver som mellom anna skulle fremme kritisk tenking. Fem situasjonar har blitt analysert i lys av teori som karakteriserer tankeprosessar og kjenneteikn på kritisk tenking. Funna viser at elevane meistrar å oppdage forhold som treng utforsking og forklaring, og at dei disponerer tenkevanar som uttrykker eit ønske om å forstå. Vidare tydar funna på at elevane treng rettleiing i prosessen med å auke eiga forståing. Elevane treng støtte til å utforske data og forstå informasjon som ikkje gir meining for dei. Dette inkluderer rettleiing om korleis dei kan klargjere problemsituasjonen, søke etter alternative forklaringar og gjennomføre ansvarleg refleksjon. Det kjem også fram i studien at elevane har kritiske evner som dei brukar i forbindelse med utforsking.