EU-striden på leiarplass: Ein retorisk analyse av fire norske dagsaviser
Abstract
Temaet for oppgåva er den norske EU-debatten som fann stad i førekant av avstemminga i 1994,og korleis denne arta seg på leiarplass i Klassekampen, Nationen, Dagbladet og Bergens Tidende.EU-saka er ei politisk sak, men blei tatt opp til diskusjon også i organisasjonar og fora som tilvanleg er apolitiske. Til dømes tok blant anna fagforeiningar, næringslivsorganisasjonar oginteresseorganisasjonar av varierande storleik offentleg standpunkt i saka. Målrørsla ogfråhaldsrørsla tok til dømes eit aktivt nei-standpunkt. Når det gjaldt mediene, så var dei fleste avdei store dagsavisene ja-aviser. NRK og TV2 derimot var nøytrale.Etter andre verdskrigen er det inga anna politisk sak som har skapt så sterke kjensler i detnorske folket som dei to avstemmingane i 1972 og 1994. Saka skapte på same tid eit intenstsamhald og ei like intens splitting. Årsakene til den norske EU-motstanden er mange ogkomplekse. Faktorar som Noreg si geografiske plassering, tradisjonell atlantisk orientering,sentrum-periferi konflikt og dei såkalla motkulturane vert ofte nemnde som forklaringar på denkraftige motstanden. Når det gjeld konfliktnivået i folket, kan sjølve folkeavstemminga også hattnoko å seie. I avstemminga var det snakk om å velje eitt av to, eit kompromiss var altså utelukka.
Description
Dette en er bearbeidet utgave av oppgaven. Rettelser gjelder skrivefeil (februar 2008).
Publisher
The University of BergenCopyright
The authorCopyright the author. All rights reserved