Utvikling av metode for å opparbeide organisk materiale frå hydroterminalt sediment til biomarkør-analyse
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/3227Utgivelsesdato
2008-06-09Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Chemistry [500]
Sammendrag
Det første hydrotermale feltet på store havdjup vart oppdaga utanfor Galapagos i 1977. Det var forventa å finne varmekjelder også på havbotnen, men det ein ikkje forventa å finne var å finne eit rikt liv av virvellaus fauna rundt desse felta. Korleis desse organismane kunne leve under utan tilgang på sollys vekte interessa hjå mange forskarar. I desse felta vart det påvist svoveloksiderande bakteriar som nyttar seg av kjemosyntesen og danna basen i næringskjeda. I lys av dette oppstod kanskje den mest oppsiktvekkjande teorien rundt desse hydrotermale felta, forskarar trur nemlig at det kan være rundt slike felt at liv først oppstod. Seinare vart det påvist fleire hydrotermale felt og i 2005 vart det første norske feltet oppdaga 60 km aust for Jan Mayen. I denne oppgåva vart det jobba med sedimentprøver frå dette feltet. Oppgåva tek for seg å utvikle ein metode til å ekstrahere ut organisk materiale frå sedimenta og opparbeide ekstrakt som kan egne seg til analyse på GC/MS. Målet er å identifisere biomarkørar og feittsyreprofilar og spore desse tilbake til levande organismar. På denne måten kan ein finne ut kva slags liv som lever rundt desse felta. Konsentrasjonen av det organiske materialet var liten i sedimenta, så å opparbeide store nok konsentrasjonar til at ekstrakta var egna til analyse på GC/MS var tidkrevjande. Det vart jobba både med sediment som var lufttørka og sediment som var frose. For å opparbeide ekstrakt med organisk materiale vart desse vart prøvd ekstrahert med Soxhlet ekstraksjon og det vart prøvd ein metode med forsåping. Det vart og prøvd ut ulike metodar for å derivatisere feittsyrene til metylester. Sedimenta viste seg å løyse seg godt i syre, og det vart testa ut ulike metodar for å oppkonsentrere det organiske materiale i sedimentet ved å behandle det med syre. Det viste seg at det var dei frosne sedimenta som gav best resultat. Dei to beste metodane for å ekstrahere ut det organiske materiale av sedimenta var enten å først behandle sedimenta med 2,5 M saltsyre eller å frysetørke sedimenta før Soxhlet ekstraksjon. I ekstrakta frå sedimenta vart det identifisert for det meste hydrokarbonar, feittsyrer og fleire sterol. For å kunne analysere feittsyrene på GC/MS måtte dei omdannast til meir stabile stoff. Derivatisering med metanol (BF3) viste seg å være ein metode som fungerte godt for å omgjer feittsyrene til metylester.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved