Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAndreassen, Lillan Moen_US
dc.date.accessioned2009-10-22T16:58:10Z
dc.date.available2009-10-22T16:58:10Z
dc.date.issued2009-05-20eng
dc.date.submitted2009-05-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/3568
dc.description.abstractBehovslegemiddel er meint å bli gitt som respons på eit symptom eller medisinsk behov som oppstår hjå pasienten. Behovslegemiddel blir anten ført opp på den enkelte pasient sitt legemiddelkort, eller så kan ein nytte seg av legemiddel på generelle skriftlege direktiv som gjeld for heile sjukeheimen. Det er blitt observert forskjellar i praksisen for behovsmedisinering frå sjukeheim til sjukeheim, og avgjersleprosessen for om ein skal gi behovslegemiddel eller ei, er uklar. Det er eit behov for meir kunnskap om korleis systemet for behovsmedisinering fungerer, for å kunne utvikle best mogleg prosedyrar og rutinar for dette området. Hjelpepleiarar, sjukepleiarar og sjukeheimslegar blei invitert til å delta i tre yrkesspesifikke fokusgrupper, der dei skulle diskutere korleis erfaringar, tankar og haldningar dei hadde i høve til behovsmedisineringa i sjukeheimar. Det blei utvikla ein semistrukturert intervjuguide med fem hovudtema: Erfaringar, tankar, haldningar, forslag til betre praksis, og medisinering generelt i sjukeheimar. Gruppeintervjua blei transkribert ordrett og analysert tematisk. I tillegg blei alle dei 33 sjukeheimane i Bergen kommune bedt om å sende kopi av sine generelle skriftlege direktiv. Desse blei undersøkt ved dokumentanalyse. Gruppeintervjua avdekka eit misforhold mellom oppgåvefordeling og ansvarsmedvit i høve til behovsmedisineringa. Det blei etterlyst betre rutinar for dokumentasjon av behovslegemidlets effekt, samt organisering og gjennomføring av undervisning på området. Fleire uttrykte bekymring for at fokuset på å behandle med legemiddel i sjukeheimar er så stort. Tjuefire direktiv blei innhenta til dokumentanalysen, desse blei analysert ved hjelp av eit kodeskjema. Dei generelle skriftlege direktiva viste stor variasjon i både utforming og innhald. Talet på indikasjonar gjekk frå 3 til 17, og til saman fanst det 51 legemiddelsubstansar å velje blant. Doseringsinformasjonen mangla eller var uklar i ein fjerdedel av tilfella. Helsepersonell opplev at behovsmedisineringa ikkje fungerer på fleire område, og at ei kvalitetsbetring må til. Det same viser den varierande kvaliteten på dei generelle skriftlege direktiva.en_US
dc.format.extent496466 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectSjukeheimarnob
dc.subjectBehovslegemiddelnob
dc.subjectKvalitativ forskingnob
dc.subjectSamfunnsfarmasinob
dc.titleHelsepersonells erfaringar, tankar og haldningar til behovsmedisinering i sjukeheimarnob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe author
dc.description.localcodeMATF-FARM
dc.description.localcodeFARM399
dc.subject.nus737101eng
fs.subjectcodeFARM399


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel