Nye rom for kommunikasjon, inntrykk og meiningsytring. Ei studie av internett og mobiltelefonen sin innverknad i Zanzibar by
Abstract
Mobiltelefon og internett opnar for nye inntrykk, og fører til større moglegheiter til auka kommunikasjon. Samstundes fører verktøya med seg sut for at aspekt ved samfunn skal endre seg i for stor grad. På Zanzibar har det tradisjonelt vore praktisert kjønnssegregering. Dette er på mange måtar framleis eit ideal. Eg argumenterar for at kjønnsrelasjonar er i endring, og at mobiltelefonen er med på å påverke desse endringane. Med mobiltelefonen opnar det seg eit rom, kor kvinner og menn kommuniserer på andre måtar enn norma tilseier, dette gjeld særskilt ved bruk av tekstmeldingar. Teknologien verkar trugande på kultur og religion, på grunn av auka kommunikasjon mellom jenter og gutar, men og på grunn av tilgang til pornografi gjennom internett. Mobiltelefon og internett kan også inngå i religiøs praksis, til dømes gjennom bruk av religiøse tekstmeldingar. På Zanzibar har det med desse reiskapane oppstått nye måtar å protestere mot styresmaktene på. Den sosio-kulturelle konteksten verkar inn på bruken av denne teknologien, på same måte som teknologien verkar inn på brukarane.
Publisher
The University of BergenCopyright
The authorCopyright the author. All rights reserved