dc.description.abstract | Dette studiet har teke utgangspunkt i nokre karakteristiske sider ved arbeidsoppgåver som kan påverke handlingar i negativ retning for auka risiko. Desse arbeidsoppgåvene er utført av høgspenning-elektromontørar og overordna vakt i situasjonen; ikkje-planlagd utfall på høgspentanlegg, hjå nettverksemder. Karakteristiske sider blir populært kalla preformance influence factors(PIF´s) i engelsk litteratur. I oppgåva er dette oversatt til prestasjonspåverkande faktorar, og dei studerte faktorane er: arbeidspress, kreativitetsbehov, stress, kommunikasjon, tidspress og risikoaksept. Studiet har hatt som føresetnad at det å følgje tryggleiksprosedyrar til ein kvar tid er rasjonelt. Med dette utgangspunktet har ein sett på konsekvensar som nettselskapet får i slike situasjonar med utfall for å forstå korleis desse eventuelt kan skape prestasjonspåverkande faktorar, som igjen kan redusere montøren sitt omsyn til tryggleiksprosedyrar. Studiet er kvalitativt hypotetisk-deduktivt og er prega av å vere utforskande. Studiet sine forskingsdata er framkalla med bruk av kvalitative metodar i form av djupneintervju. Fjorten personar fordelt på stillingane montør, overordna vakt og sakkyndig drifsleiar i fire norske nettselskap er intervjua. Nettselskapa er strategisk valt ut frå ein variasjon av følgjande kriterium: tal sluttbrukarar tilknytt nettselskap og gjennomsnittlig avbrotsvarigheit per sluttbrukar(SAIDI). Nokre sentrale konklusjonar i studiet: Høge forventningar på oppetid og reparasjonstid, saman med sterk yrkesstoltheit kan verke å vere ein pådrivar, for montøren, i å prioritere avgrensing av sluttbrukarane sine konsekvensar, og/eller nettselskapet sitt omdømme, framfor montøren sin eigen tryggleik. KILE-ordninga kan bidra i å utfordre nettselskapa sine mål for tryggleik. Dette kombinert med leiing, og/eller personell, som prioriterar økonomiske mål framfor tryggleik, vil KILE-ordninga kunne bidra som eit insentiv til å gå på akkord med tryggleiken. Sjansen for at prosedyrar, som opplevast som friksjon under eit arbeidet, blir tilsikta rutinemessig brote, vil auke om montøren er under eit tidpress. | en_US |