Kvite frakkar og kvite rom. Eit kvalitativt studie av kreftpasientar sine erfaringar av natur og arkitektur i sjukehusmiljø
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/5846Utgivelsesdato
2012-02-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: To bygg i Helse Bergen HF, Sentralblokka (1983) og Parkbygget (2008) gir konteksten i studiet. Sentralblokka står for ein arkitektur som sikrar rasjonelle driftsøkonomiske hensyn, der funksjonsanalyser blei brukt. Romma blei laga for arbeidet som skulle finne stad i desse. Parkbygget står for ein pasientfokusert arkitektur, der pasientbehova var styrande for formprinsippa og der romma skal understøtte pasientbehov. Målet med studiet er å auka kunnskapen om kva som ligg av pasientomsorg i omgrepa natur og arkitektur i eit sjukehusmiljø. Studiet er og eit bidrag inn i ein større debatt om kva prinsipp som bør vere styrande for formprinsippa i eit sjukehusmiljø. Materiale og metode: Åtte kreftpasientar i alderen 34-67 år deltok i eit djupneintervju. Alle blei intervjua på sjukehuset. Intervjua blei analysert ved hjelp av Max Van Manen sin fenomenologisk-hermeneutiske metode. Teoritilfanget bestod blant anna av historiske tekstar og Norberg-Schultz sin arkitekturteori. Kunnskapsbidrag: Studien gav ei større forståing for kva utsikt, lys, form, farge, bilete og natur kan tilby av pasientomsorg i sjukehus. Studiet gjev både ein variasjon og viser fellestrekk ved pasienterfaringane. Mørke rom, og rom med liten utsiktskvalitet, får negativ omtale. Tomteforhold og arkitektavgjersler langt tilbake i tid påverkar pasientane og idag. Parkbygget har "nær-nok" kvalitetar til natur, men blir oppfatta som sterilt fargemessig. Materialet viste også at behandlingsfunksjonen sjukehuset har, er overordna fysisk form. Nøkkelord: Natur, humanisme, utsikt, lys, stimulering, pasientrommet, mørke, funksjonsanalyser, landskapsinnpassing, kunst, sengeposten