Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKråkås, Øyvindeng
dc.date.accessioned2012-08-08T11:31:56Z
dc.date.available2012-08-08T11:31:56Z
dc.date.issued2012-05-15eng
dc.date.submitted2012-05-15eng
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/1956/5923
dc.description.abstractLaksen har ein heilt spesiell posisjon i vår nasjon. Denne feite, store fisken har vore ein del av folket her nord sitt kosthald i tusenvis av år. Laksen sin livssyklus er spesiell, og innbyr til mystifisering. Han vert fødd i elva, går ut i havet, og returnerar til elva for å formeire seg. Dette vandringsmønsteret er kjelde for fascinasjon, undring og konflikt. For laksen er ein attraktiv fisk, som matfisk og som sportsfisk. Men kven eig laksen? Kven skal få hauste av han?Konflikten mellom sjøfiske og elvefiske er gamal, men dei siste 40 åra har og ein ny part dukka opp i kampen om laksen; dei som vil halde han som husdyr. Lakseoppdrett har vorte ein kystindustriell revolusjon, fråflyttingsbygder har bygd "gods på havet". Frå å vere eit eksperiment med avstengte pollar, heimelaga fôr og sal til lokale hotell og restaurantar, har laksenæringa blitt ei av våre viktigaste eksportnæringar. Den årlege produksjonen av oppdrettslaks ligg på 1 million tonn, med eksportverdi på kring 30 milliardar NOK. Laksen utgjere knapt halvparten av sjømateksporten i volum, og over halvparten i verdi. Sjømat er vår tredje mest verdifulle eksportsektor, etter olje og gass.Verdiutviklinga i norsk lakseoppdrett har gjeve periodar med "gullrush", der berre dei beste sildesesongane kan vise til noko liknande på norskekysten. Dominansen av privat eigarskap skil havbruk og fiskeri vesentleg frå den industrielle framgangen i petroleumssektoren. Men til liks med den rivande utviklinga, har konfliktnivået kring havbruksnæringa tidvis vore høgt. Konsesjonskamp, lokaliseringsstrid og kampen om tilgang på kapital har skapt konfliktar lokalt. Samstundes har eit økologisk aspekt skapt problem for næringa. Forskarar hevdar at lakselus og rømming frå oppdrett skadar overlevinga hos den ville laksen. Dette har kveikt ein konflikt der både sjøfiskarar og elvefiskarar har meint at deira interesser har blitt skadelidande.Dei siste åra har det blitt hevda at lakseoppdrettsnæringa har eit omdømeproblem. At ho har for få vener. At ho slit med å overtyde nasjonen og omverda om sin rett til å eksistere, og ikkje minst til å vokse vidare. Diskusjonen om det dårlege omdømet har nådd like inn i næringa sine viktigaste samråd, og bak i næringa sine inste gongar. Og over det heile våkar forteljarane, dei som skal formidle det norske lakseeventyret, med alle sine skumle og fascinerande figurar, sine heltar og troll.Denne oppgåva vil analysere det norske oppdrettslakseeventyret, slik det blir fortalt av norske media. Den vil sjå over orda og under overflata, på dei politiske samanhengane, på straumane som tek tankegods med seg frå fortida og inn i notida. Den vil måle temperaturar i debatten, og fastslå klimautviklinga. Den vil sortere interesser og konfliktar. Oppgåva set oppdrettslaksen i sentrum, og vil søkje denne si rolle gjennom snitt i sogeskriftene. Kva er det eigentleg som blir sagt om oppdrettslaksen? Kva rolle har blitt han til del, i det norske lakseeventyret?en_US
dc.format.extent674145 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleStorfisk- tolkingsrammer for lakseoppdrett i norske mediaeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116eng
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Media science and journalism: 310eng
fs.subjectcodeMEVI350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel