• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Philosophy
  • Department of Philosophy
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Philosophy
  • Department of Philosophy
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Meining og livsverd: Meaning and life-world

Myklebust, Alexander
Master thesis
Thumbnail
View/Open
94830162.pdf (462.3Kb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/6002
Date
2012-05-15
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Philosophy [139]
Abstract
Fenomenologi og strukturalisme er to innflytelsesrike intellektuelle tradisjonar, som oppstod og vart utvikla i løpet av det forrige århundret. Dei vart «grunnlagde» av Edmund Husserl og Ferdinand de Saussure respektivt, og gjev svært ulike måtar å tenkje filosofiske spørsmål på. Medan fenomenologi set subjektet, eller medvitet, i sentrum, tek strukturalistar utgangspunkt i teiknorienterte strukturar. Begge desse perspektiva gjev kvar si skildring av kva språk er, korleis det fungerer, og kva rolle det spelar i forståing og tenking. Det eg forsøkjer å gjere i denne masteroppgåva er å relatere visse aspekta av desse rammeverka til tanken om «livsverda». Ved å gjere dette vert det tydleg at temporalitet er eit viktig strukturerande element i samspelet mellom subjekt, språk og verda vi lev i, saman med andre menneske. Sentrert rundt tesa om at 1) Verda er det som framtrer for subjektet, 2) Det som framtrer gjer det i ein struktur, og 3) denne strukturen er nært knytt til språk, byrjar eg med å gje ei tolking av viktige sider ved Husserl og Saussure sine tankar. Frå dette trekk eg ut nokre nøkkelomgrep som dannar grunnlaget for hovuddelen av teksten, som er delt i tre kapittel. Det første diskuterer språk og tid. Her nyttar eg det strukturalistiske identitetsomgrepet saman med det eg kallar «intensjonal einskap». Det andre kapitlet vender seg mot livsverda, og dei ulike måtane ein kan relatere den til tid, sett frå ulike ståstadar. Målet med denne diskusjonen er å få ein ide om korleis meiningsfulle objekt kan verte konstituerte i ein intersubjektiv kontekst. Kapittel 3 bring dei to forrige saman, gjennom eit forsøk på å skildre korleis vi til dels kan forstå forholdet mellom språk og livsverda som ein intersubjektiv einskap av tid, identitet og intensjonalitet. Heilt til slutt gjev eg ein konklusjon som omformulerer tesa, på ein slik måte at dei temporal aspekta som har vorte diskutert vert inkludert.
Publisher
The University of Bergen

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit