Insentiv og prestasjon i læraryrket. Korleis kan ein nytta prestasjonslønn som motivasjon for lærarar i den vidaregåande skulen?
Master thesis
View/ Open
Date
2012-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Economics [302]
Abstract
Problemstillinga for oppgåva er: Korleis kan ein nytta prestasjonslønn som motivasjon for lærarar i den vidaregåande skulen? Oppgåva gir ein presentasjon av moglege verknader og utfordringar ved bruken av prestasjonslønn for lærarar, og korleis ein kan unngå negative effektar der dette er mogleg. I teoridelen av oppgåva presenterer eg ein prinsipal-agent-modell som viser korleis prestasjonslønn kan brukast som eit verktøy for å motivera agentar til meir innsats. Oppgåva inneheld også insentivteori frå eit ikkje-økonomisk perspektiv. Eg nyttar kvantitativ metode i form av ei spørjeundersøking blant utvalde lærarar i vidaregåande skule for å svara på problemstillinga. Dei sentrale funna frå undersøkinga er at lærarane sjølve er lite positive til bruken av prestasjonslønn, og at dei i liten grad føler at eit slikt lønnssystem vil motivera dei til å prestera betre. Undersøkinga viser også at skulane i svært varierande grad er flinke på å gi tilbakemelding på arbeidet til lærarane, og at dette kan vera noko lærarane saknar. I arbeidet med å føreta eit utval nytta eg Research Randomizer, som sikra at lærarane vart tilfeldig vald. Undersøkinga utførte eg ved hjelp av NSD WebSurvey, og eg har nytta Stata 11.0 i arbeidet med analyse av resultata.