Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHauge, Gauteeng
dc.date.accessioned2013-08-20T12:36:16Z
dc.date.available2013-08-20T12:36:16Z
dc.date.issued2013-05-15eng
dc.date.submitted2013-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/6971
dc.description.abstractTema for denne oppgåva er historiebruk med utgangspunkt i korleis vikingtida har vorte framstilt i norsk og engelsk historieskriving frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Hovudkjeldene i analysen har vore norske og engelske lærebøker i historie for lågare alderstrinn, og såleis har historiebruk i skulen vorte eit sentralt utgangspunkt for å forstå det kontekstuelle grunnlaget dei ulike vikingtidsbileta har oppstått i. Denne forma for historiebruk femnar om ei forståing av korleis det tilnærma same i ein realhistorisk samanheng, kan verta oppfatta og nytta til ulike føremål til ulike tider. Framstillingane av vikingtida vert difor eit resultat av dei haldningar og verdiar som er rådande i samfunna dei vert til innanfor. Frå slutten av 1800-talet og fram til i dag har vikingtida i lærebøkene vore gjenstand for mangfaldige framstillingar. Felles for alle framstillingane er at dei kan relaterast til dei kontekstuelle tilhøva vikingtidsforteljingane vart skrivne i. Det betyr at stemninga i det norske samfunnet kring unionsoppløysinga kom til å verta spegla att i lærebøkene, medan lærebøkene i England på same tid vart prega av dei rådande imperialistiske ideal og verdiar i det engelske samfunnet. Utover 1900-talet endra vikingtidsbileta seg i takt med dei politiske endringane i samfunnet, der dei to verdskrigane utan tvil la føresetnadar for nye tolkingar av vikingtida. Utover andre halvdel av hundreåret kom etter kvart den skulepolitiske konteksten til å leggja klarare rammer for dei vikingtidsbileta som oppstod i lærebøkene. Men sjølv om det nye fokuset på historiedidaktikk i historiefaget førte til nye innfallsvinklar til lærestoffet, kunne det i nokre tilhøve vera eit gjensyn med tidlegare tider si framstilling av vikingtida. Slike brot i kontinuiteten i vikingtidsframstillingane oppstod likevel ikkje på eiga hand, og det er akkurat dette aspektet denne oppgåva har gått djupare inn i.en_US
dc.format.extent1547314 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectVikingtideng
dc.subjecthistoriebrukeng
dc.subjectLærebøkereng
dc.subjectlærebokanalyseeng
dc.subjectHistoriografieng
dc.subjecthistoriedidaktikkeng
dc.subjectvikingereng
dc.subjectNorgeeng
dc.subjectEnglandeng
dc.subjecthistorieformidlingeng
dc.title«From the fury of the Northmen, good Lord, deliver us» - Ein analyse av historiebruken og framstillinga av vikingtida i norske og engelske lærebøker frå slutten av 1800-talet og fram til i dag.eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeMaster i Historie
dc.description.localcodeMAHF-HIS
dc.description.localcodeHIS350
dc.subject.nus713107eng
fs.subjectcodeHIS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel