dc.description.abstract | Tema for denne oppgåva er historiebruk med utgangspunkt i korleis vikingtida har vorte framstilt i norsk og engelsk historieskriving frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Hovudkjeldene i analysen har vore norske og engelske lærebøker i historie for lågare alderstrinn, og såleis har historiebruk i skulen vorte eit sentralt utgangspunkt for å forstå det kontekstuelle grunnlaget dei ulike vikingtidsbileta har oppstått i. Denne forma for historiebruk femnar om ei forståing av korleis det tilnærma same i ein realhistorisk samanheng, kan verta oppfatta og nytta til ulike føremål til ulike tider. Framstillingane av vikingtida vert difor eit resultat av dei haldningar og verdiar som er rådande i samfunna dei vert til innanfor. Frå slutten av 1800-talet og fram til i dag har vikingtida i lærebøkene vore gjenstand for mangfaldige framstillingar. Felles for alle framstillingane er at dei kan relaterast til dei kontekstuelle tilhøva vikingtidsforteljingane vart skrivne i. Det betyr at stemninga i det norske samfunnet kring unionsoppløysinga kom til å verta spegla att i lærebøkene, medan lærebøkene i England på same tid vart prega av dei rådande imperialistiske ideal og verdiar i det engelske samfunnet. Utover 1900-talet endra vikingtidsbileta seg i takt med dei politiske endringane i samfunnet, der dei to verdskrigane utan tvil la føresetnadar for nye tolkingar av vikingtida. Utover andre halvdel av hundreåret kom etter kvart den skulepolitiske konteksten til å leggja klarare rammer for dei vikingtidsbileta som oppstod i lærebøkene. Men sjølv om det nye fokuset på historiedidaktikk i historiefaget førte til nye innfallsvinklar til lærestoffet, kunne det i nokre tilhøve vera eit gjensyn med tidlegare tider si framstilling av vikingtida. Slike brot i kontinuiteten i vikingtidsframstillingane oppstod likevel ikkje på eiga hand, og det er akkurat dette aspektet denne oppgåva har gått djupare inn i. | en_US |