Beyond the White Dragon Mounds: The polities of the Tarim Basin in the first three centuries CE, their rise and importance for trade on the Silk Road Tomas
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/6978Utgivelsesdato
2013-05-15Metadata
Vis full innførselSammendrag
This master dissertation explores the ancient polities of the Tarim Basin, from the early Bronze Age to the first three centuries CE. It also deals with the relation between the rise of the Silk Road trade and the Tarim polities around the start of our era. In order to look at this the dissertation uses ancient Chinese sources as well as archaeological material from the region. First the climate and conditions of the Tarim Basin is discussed. Then the dissertation explores the two types of polities within the Tarim Basin, sedentary and nomadic polities in the first three centuries CE. It finds that the sedentary polities can be classified as city-states as they are centered on fortified urban communities, with a highly developed mode of government and a complex economy. The nomadic polities on the other hand, were far less organized and relied upon interaction with the settled communities, through war and trade alike, for sustenance. This dynamic between sedentary and nomadic communities is shown to have been the key to triggering not only the rise of the city-states but also the Silk Road trade, though in this the Chinese Han Empire also played a role. Towards the end of this dissertation a new question arises, What structures prevented the collapse of trade in the period of intense warfare covering the first two centuries CE?" Three suggestions are given for possible answers to this new problem, but before it can be definitively answered new research is needed on early Buddhist and Kushan history. Målet med denne masteroppgåva var å sjå nærare på Tarimbekkenet i antikken og rolla dei statane som fanst der hadde i tilblivinga av Silkevegen. Mykje er skrive om den tidlege historia til Silkevegen, og mange forskarar har føreslått forklaringar på korleis denne handelsruta fungerte og kva som dreiv handelen langs den. Men særs få har sett nærare på det sentrale området på Silkevegen, Tarimbekkenet, og på kva som fanst der. Spørsmåla eg sette meg føre å svare på var såleis kva statar ein finn i Tarimbekkenet i dei første hundreåra etter vår tidsrekning, korleis desse statane blei til, og kva effekt Silkevegen hadde på dei. Det ville også vere interessant å sjå om desse statane hadde noko funksjon i oppkomsten av Silkevegen. For å svare på desse spørsmåla tok eg for meg ei rekkje kjelder. Eg gjorde stor bruk av dei tidlege kinesiske historikarane Sima Qian, Ban Gu og Fan Ye. Dei gir særs detaljerte skildringar av Tarimbekkenet og var såleis viktige kjelder. Like viktig var arkeologiske kjelder, noko Tarimbekkenet har mykje av. Ut frå dette materialet diskuterte eg først dei forskjellege bystatane i Tarimbekkenet og kom fram til at dei kan kallast bystatar slik omgrepet er definert av Mogens Hansen. Dei hadde urbane senter med festningsverk der mesteparten av befolkninga budde. Dei hadde også eit utvikla byråkrati og gjorde bruk av det indiske skriftspråket kharoshthi. Side om side med desse bystatane fanst det fleire nomadiske samfunn. Ettersom verken jordbrukarar eller nomadar var sjølvforsynte var kontakten stor, både gjennom krig og særleg gjennom byttehandel. Etter å ha stadfesta dette såg eg på korleis desse statane hadde utvikla seg, og delte utviklinga i fire periodar. I den første, bronsealderen, var det lite byttehandel, berre regional, og samfunna var utan særleg grad av stratifisering. I den andre perioden forandra dette seg ved at nomadisme oppstod på steppene i nord. Nomadane blei bindeleddet som kunne intensivere byttehandel med Kina, noko som i sin tur let nokre få monopolisere handelen og skape stratifiserte samfunn. Ved byrjinga av den tredje perioden var desse samfunna allereie det ein kan kalla statar. Med inntoget til kinesarane i bekkenet blei det for alvor fart på handelen, ettersom kinesarane tvang fram fred, og samspelet mellom Han Kina og Tarimstatane førte til at Silkevegen blei skapt, noko som er eksemplifisert i bruken av sino-kharoshthimyntane. Overraskande nok førte ikkje den fjerde perioden med Kinas borgarkrig og den aukande krigføringa i bekkenet til eit fall i handelsaktiviteten, og eg slutta derfor oppgåva med eit nytt spørsmål: Kva strukturar held handelen ved like? Som moglege løysingar viste eg i avsluttinga til debatten om Kushanaran si rolle i Tarimbekkenet, om buddhismens inntog og om kor viktig handel var for Tarimstatane.