dc.description.abstract | Thomas Mann sin Joseph-roman hentar stoffet sitt frå 1. Mosebok 25-30 og handlar om Joseph og brørne hans. Hovudpersonen, Joseph, blir i romanen stilt i ei mytisk utviklingslinje som går frå dei mytiske figurane Tammuz og Osiris i babylonisk og egyptisk mytologi til Jesus Kristus. Mi tese er at Joseph personlege utvikling ikkje kan forklarast ut ifrå ein mytisk identifikasjon, men heller ut ifrå hans tilknyting til sine forfedrar sin Gud. Dei mytiske figurane fungerer heller som krykkjer i Joseph sin prosess, krykkjer som han kastar frå seg når han når manns modning. I denne oppgåva viser eg i del 2 korleis brønnen fungerer som eit strukturelt motiv på fleire nivå. Her finn me både tidsdjup, verdsdjup og sjeledjup. Eg viser og korleis Thomas Mann hentar oss ved vår kjennskap til Jesu Kristi liv, død og oppstode for å føra oss inn i babylonsk og egyptisk mytologi. I romanen blir Rahel sitt brudeslør eit motiv for babylonsk mytologi og Joseph sitt dødsnamn for egyptisk mytologi. I del 3 viser eg korleis Joseph utviklar seg frå narsiss til ernærar. Her ser eg Joseph si utvikling på bakgrunn av Freud sine teoriar om narsisme, draumetyding og Ødipuskompleks, samtidig som eg ser kva betyding dei mytiske figurane Tammuz og Osiris har for Joseph si utvikling. | en_US |