Sjølvoppfatning og ikkje-fagleg vurdering i ungdomsskulen: I kva grad blir den ikkje-faglege vurderinga nytta til å styrke sjølvoppfatninga til elevar i ungdomsskulen?
Master thesis
View/ Open
Date
2014-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Education [314]
Abstract
In a time when everything is being "measured and weighted", we should like to question the assessment of the student's non-academic skills, done by teachers and schools. The topic of this thesis is the non-academic assessment in secondary school, and to what extent this is used to enhance self-perception of students. To answer this question, we first want to make a summary of what different government documents say about assessment in secondary school. Furthermore, we present studies and theory to discuss the research question, among others J. Hattie's meta analyses, Visible learning, and A. Bandura's theory of Self-efficacy. In this thesis we have used both qualitive and quantative methods. We have interviewed five teachers from five different secondary schools to get their opinion on how this non-academic assessment is done. We have also made teachers working in secondary schools answer an inquiry on the same theme. For some years, Norwegian schools have focused very much on assessment. The results of these studies do, however, show that assessing students' non-academic skills are more uncertain. It appears that this question has not been properly focused on within the schools. We also see that new assessment ideas have not been implemented in this work, what makes the assessment work emerging partly as a matter of "notices and penalties", and partly as unstructured assessments without clear guidelines. Due to little awareness about non-academic assessment a common language to be used in this also seems to be absent. To ensure quality in the non-academic assessment and dialogue, and to ensure that students receive feedback that can help them to strengthen their self-perception, including motivation and self-efficacy, we believe that there may be a need for a coordinated effort, in line with what we have seen when it comes to the assessment in subjects in the curriculum LK06, also in terms of the non-academic in school. Doing so, one would gain a greater awareness of the social mandate of the school, which is more than "just" the academic results; It is primarily or ultimately to create young people who are well functioning and participating in society. I ei tid då alt skal "målast og vegast", ynskjer vi å problematisere den ikkje-faglege vurderinga som også skal gjerast i skulen. Tema for denne oppgåva er difor den ikkje-faglege vurderinga i ungdomsskulen, og i kva grad denne vert nytta til å styrke sjølvoppfatninga til elevane. For å svare på dette spørsmålet gjev vi først ei oppsummering av kva ulike styringsdokument seier om vurdering i grunnskulen. Vidare legg vi fram studier og teori for å belyse problemstillinga, mellom anna J. Hattie sin metastudie, Visible learning, og A. Bandura sin teori om Self-efficacy. I undersøkinga vår har vi nytta både kvalitativ og kvantitativ metode. Vi har intervjua fem lærarar frå fem ulike ungdomsskular for å få deira perspektiv på korleis den ikkje-faglege vurderinga vert gjort, i tillegg har vi gjennomført ei spørjeundersøking - også her var målgruppa ungdomsskulelærarar. Vurdering er noko det har vore arbeidd mykje med i norsk skule dei seinare åra. Likevel viser resultata av undersøkingane våre at korleis vurderinga av det ikkje-faglege hjå eleven skal skje er noko det er knytt noko usikkerheit til. Det verkar ikkje for å vere noko ein har arbeidd heilt systematisk med på skulenivå, og det ser heller ikkje ut til at nye vurderingstankar er implementert i særleg stor grad i dette arbeidet. Dette gjer til at vurderingsarbeidet delvis framstår som eit spørsmål om merknader og straff, og delvis som ustrukturerte vurderingar utan tydelege og bevisste føringar, samt til å vere eit område av vurderinga i skulen der eit felles språk uteblir. For å sikre at det blir kvalitet over denne vurderinga og dialogen, og for å sikre at elevane får tilbakemeldingar som kan vere med å styrke sjølvoppfatninga, herunder også motivasjon og mestringstru, meiner vi det kan vere behov for eit felles løft, på lik linje med det vi har vi sett i arbeidet med fagplanane i læreplanen LK06 og rundt elevvurdering, også når det gjeld vurderinga av det ikkje-faglege i skulen. Gjer ein det, vil ein gjerne også verte meir medviten sjølve samfunnsmandatet til skulen, som er noko meir enn «berre» dei faglege resultata; det handlar kanskje først og fremst om å skape «gagns menneske».