Undervegsvurdering i matematikk - frå mål til start? Ei undersøking om korleis elevar i ungdomsskulen opplever undervegsvurdering i matematikk
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/8958Utgivelsesdato
2014-11-16Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Education [315]
Sammendrag
This thesis is dealing assessment for learning from the student's perspective. The issue How do students in lower secondary schools experience formative assessment in mathematics?" is approached through three questions; What kind of experience does students of lower secondary school have when it comes to formative assessment?", To which extent does the students take an active role in the formative assessment?" and What kind of benefit does the students experience that they have from formative assessment?" The purpose is to gain insight in the students' experience of the formative assessment and their understanding of effective formal assessment in mathematics. My choice of method is divided in two; qualitative semi-structured interview of six students at lower secondary school level, and a quantitative anonymous survey of about 170 students also from lower secondary schools. Choosing both a qualitative and a quantitative method is based on my research questions, which search answers both wide and deep. Throughout my research I have had a focus on the ethical perspective, because working with students always implies an ethical requirement of protecting the other part. I transcribed the interviews and extracted the content in meaning from them. The survey, which I made and completed through the licensed software Quest Back, gave me the opportunity to cross-tabulate and filtrate the data. I present the findings in an own chapter, and I also explain how I have analyzed the material. My main findings is that students in lower- secondary schools have reflected thoughts on how good formative assessment should be in mathematics, they experience effective formative assessment through frequent assessment and they gain from defining an academic goal in mathematics in the form of a grade. Furthermore I have found that students perceive the conversations between teacher and student as an important element in the formal assessment, they experience a positive effect in learning through cooperation with fellow students and they use the feedback they get from their teacher. Students have a great learning outcome from both a defined grade and a formative comment on their product or the work they have done in mathematics. Having students at lower secondary schools who reflect upon their own formal assessment and their own progress in the subject, should be a good foundation for cooperation between teacher and student. The challenge for the school, as I see it, may be to enhance the focus on how formal assessment affects the student's motivation, and to display and use methods of assessment which focuses on the process of learning for each student. Denne oppgåva handlar om vurdering for læring i eit elevperspektiv. Problemstillinga «Korleis opplever elevar i ungdomsskulen undervegsvurderinga i matematikk?» blir belyst gjennom tre forskingsspørsmål; «Kva for erfaring har elever i ungdomsskulen med undervegsvurdering i matematikk?» , «I kva grad medverkar elevane i undervegsvurderinga?» og «Kva for utbyte opplever elevane at dei har av undervegsvurderinga?». Målet er å få innsyn i elevar si oppleving av undervegsvurderinga og deira forståing av effektiv undervegsvurdering i matematikk. Metodevalet mitt er todelt; kvalitativt semistrukturert intervju av 6 elevar i ungdomsskulen og kvantitativ anonym spørjeundersøking av om lag 170 ungdomsskuleelevar. Valet om både kvalitativ og kvantitativ metode er basert på forskingsspørsmåla, som søker i både breidde og djupne. Intervjua og den elektroniske spørjeundersøkinga har eg gjennomført på fådelte og fulldelte skular i og utanfor eige fylke, og i både by og bygd. Gjennom arbeidet med oppgåva har eg hatt fokus på det etiske perspektivet, fordi det å samarbeide med elevar alltid inneber ei etisk fordring om å ta vare på den andre. Intervjua transkriberte eg og henta meiningsinnhald ut frå. Spørjeundersøkinga, som eg lagde og gjennomførte i den lisensierte programvaren Quest Back, gav meg enkelt høve til å krysstabulere og filtrere datamaterialet. I eige kapittel presenterer eg resultat og eg viser korleis eg har analysert datamaterialet. Elevsvar i spørjeundersøkinga blir utdjupa gjennom informasjon frå elevane eg intervjua. Hovudfunnet eg har gjort er at elevar i ungdomsskulen har reflekterte tankar om korleis god undervegsvurdering bør vere i matematikk, dei opplever effektiv undervegsvurdering gjennom hyppig formativ vurdering og dei har utbyte av å kunne setje seg faglege mål i matematikk i form av karakter. Vidare har eg funne at elevar ser på samtale mellom faglærar og elev som eit viktig element i undervegsvurderinga, dei opplever læringseffekt i å kunne samarbeide med medelevar og dei nyttar tilbakemeldingane dei får av læraren sin formativt. Elevar opplever stort læringsutbyte av å få karakter og formativ kommentar på arbeid dei har gjort i matematikk. At elevar i ungdomsskulen har reflekterte tankar kring undervegsvurdering og eigen fagleg utvikling, bør vere eit godt grunnlag for samarbeid mellom lærar og elev. Utfordringa for skulen, slik eg ser det i etterkant, kan vere å utvikle eit endå høgare medvit om korleis undervegsvurderinga påverkar motivasjonen til elevane, og legge opp til vurderingsformer som har fokus på læreprosessen til den einskilde eleven.