BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Kongeriket Armenia si rolle i stormaktspolitikken mellom Roma og Partia (75 fvt. til 118 evt.)

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Håberg, Erlend
dc.date.accessioned 2011-09-05T08:17:02Z
dc.date.available 2011-09-05T08:17:02Z
dc.date.issued 2011-05-14
dc.date.submitted 2011-05-14 en_US
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/4946
dc.description.abstract Denne masteroppgåva hadde som formål å analysere rolla til det antikke kongeriket Armenia og dei armenske kongane si rolle i forhold til dei to stormaktene Roma og Partia i perioden mellom 75 fvt og 118 evt. Var Armenia berre ein brikke som dei to stormaktene kunne tevle over, eller var dei armenske kongane eigne aktørar som kunne ta sjølvstendige val? For å svare på denne problemstillinga såg eg på fem konflikter i den antikke nærausten, der Armenia spelte ei større eller mindre rolle. Først såg eg på den tredje mithridatiske krigen, der romarane og armenarane for første gong kom skikkeleg i kontakt med kvarandre. Etter det såg eg på Marcus Crassus sin mislukka invasjon av Partarriket, før eg avslutta det første analysekapittelet med å ta ein kikk på Marcus Antonius sin politikk i nærausten, og dei konfliketene han får med partarane og armenarane. Det neste kapittel starta med ei analyse av etableringa av det neste kongedynastiet i Armenia, nemleg arsakidedynastiet, som skjedde i samband med Nero sin partarkrig. Den femte og siste konflikten eg såg på var Trajan sin invasjon av Partarriket. Som hjelpemiddel for å kunne forstå dei forskjellige konfliktene betre har eg brukt to teoretikarar. Den første av dei er Edward Luttwak si teori om romersk langsiktig strategi, medan den andre er David Braund sine tankar om den venlege kongen i romersk utanrikspolitikk. I løpet av denne oppgåva fann eg ut at både rolla og sjølvstendet til dei armenske kongane forandar seg i løpet av denne perioden. Dei starta som herskarar over eit stort imperium i etterkant av Seleukideriket sin nedgang, men måtte gi opp alle erobra landområde utanfor Armenia i etterkant av den tredje mithridatiske krigen, når dei blei allierte med romarane. Men den romerske kontrollen over Armenia var rimeleg svak, noko vi såg under Crassus sitt angrep på det partiske riket, og var avhengig av at romarane var den militært sterkaste makta i området. Under artaxidedynastiet såg det ut som om dei armenske kongane prøvde å unngå for sterke alliansar verken med romarane og partarane, men dette får tragiske konsekvensar i etterkant av Antonius sitt angrep på Partarriket. Då blir den armenske kongen Artavasdes tatt til fange. I tida framover er Armenia plaga med ei rekke av svake kongar, og både romarane og partarane kjemper om å setje inn sin kandidat som konge over Armenia. Dette fører til slutt til krig mellom dei to stormaktene, der dei i fredsavtalen kjem fram til eit kompromiss, der den partiske kandidaten skulle bli konge med romersk sanksjon. Eg oppdaga at dette betydde i det store og det heile at den romerske kontrollen over Armenia blei svakare, og at den armenske politikken blei meir lik den partiske. Dette såg vi igjen i den siste konflikten eg analyserte, Trajan sin partarkrig, der det hadde blitt nesten heilt umogleg å skilje mellom armensk og partisk politikk. en_US
dc.description.abstract The purpose of the master thesis was to analyze the role of the Armenian kingdom in regard to the two competing superpowers of the region, Rome and Parthia. The question I wanted to answer was: was Armenia simply something the two powers could compete over, or were the Armenian kings independent players that made their own choices? I solved this question by looking at five different conflicts between Rome and one of her neighbours, where Armenia or the Armenian kings played a significant part. These conflicts happened between 75 BCE, the start of the third Mithridatic War, and 118 CE, the year emperor Hadrian gave up the eastern provinces conquered by Trajan. The first conflict I looked at was the third Mithridatic War, where the Romans and the Armenians for the first time came in contact with each other. I then looked at Crassus' unsuccessful invasion of the Parthian empire before I finished my chapter with a look at Marc Anthony's invasion of the Parthian empire and his further policies in Armenia and the East. The next chapter started with an analysis of the Parthian War during the reign of Nero and the start of the new dynasty in Armenia, the Arsacid dynasty. The fifth and final conflict I analyzed was the Parthian war of the mighty Roman emperor Trajan. To help me with this question I have also used two different theorists who both wrote about the Roman East. The first of these is Edward Luttwak and his book about the grand strategy of the Roman Empire. The second theorist is David C. Braund who wrote about Rome and the friendly king. The sources used were Greek and Latin Roman historians. I discovered that the role and the degree of independence of the Armenian kings changed over time. They started off as emperors that ruled vast areas of land following the decline of the Seleucid Empire. This all changed when the Romans and the Parthians entered the stage in the Middle East, and reduced the Armenian kings to subservient clients and allies. Though I discovered that the Roman controll over Armenia after the end of the third Mithridatic War was weak, and was dependent on a strong Roman military presence in the area. Under the Artaxiad dynasty the Armenian kings seemed to be trying to stay away from too tight alliances with either Rome or Parthia, but this backfires in the aftermath of Mark Anthony's Parthian war, when the Armenian king Artavasdes II is left without allies and is dethroned and captured by Anthony. This led to a succession of weak Armenian kings where the Romans and the Parthians fought politically for control over the country. This finally led to war between the two powers when the Parthian king made his brother Tiridates king of Armenia. This war was finally solved by a compromise, where Tiridates was king of Armenia by Roman sanction. But as I discovered, this meant that the Roman control of Armenia diminished, and it became in effect a part of the Parthian Empire. I discovered this in the last conflict I analyzed. In this conflict it had become almost impossible to distinguish between Parthian and Armenian politics. en_US
dc.format.extent 1625598 bytes en_US
dc.format.mimetype application/pdf en_US
dc.language.iso nno en_US
dc.publisher The University of Bergen en
dc.subject Armenia no
dc.subject Romerriket no
dc.subject Parterriket no
dc.subject Antikken no
dc.subject Grensepolitikk no
dc.subject Stormaktspolitikk no
dc.title Kongeriket Armenia si rolle i stormaktspolitikken mellom Roma og Partia (75 fvt. til 118 evt.) en_US
dc.type Master thesis en_US
dc.type.degree Master i Historie en_US
dc.type.course HIS350 en_US
dc.subject.nsi VDP::Humanities: 000::History: 070::Ancient history: 080 en_US
dc.subject.archivecode Mastergrad en_US
dc.subject.nus 713107 en_US
dc.type.program MAHF-HIS en_US


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account