Sport, Media og Sponsing - Ein studie av sponsorfeltets logikk i lys av symbiosen mellom sport og media
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/4967Utgivelsesdato
2010-12-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet med oppgåva har vore å kartlegge sponsorfeltets funksjonalitet og dynamikk i høve kva som utløyser sponsorverdi. Eg har avdekka korleis symbiosen mellom sport og media har innverknad på dei ulike aktørane på sponsormarknaden i dag. Gjennom kvalitative intervju med sentrale aktørar innanfor sponsormarknaden har eg sett søkelys på emnet frå både idretten og bedriftene sitt synspunkt. Eg har også undersøkt kva eksponerings- og marknadsanalytikarar meinar gjev sponsorverdi. Oppgåva syner at symbiosen mellom sport og media fører til ein større eksponering av sport generelt, noko som har bidrege til veksten i sponsormarknaden historisk. Oppgåva syner også at i dagens situasjon er eksponering i media meir verdifull som eit bakgrunnsteppe for sponsoravtaler, enn som ein verdi i seg sjølv. Logoeksponering, og derav kjennskap, fungerar som basis for avtaler som ein deretter kan aktivere, og auke verdien på, ved hjelp av eksterne og interne tiltak. For sponsing som assosiasjonsmarknadsføring er symbiosen også sentral. Gjennom media sine skildringar av idrettsutøvarar sine verdiar og haldningar skapar vi eit bilete av utøvarane, som igjen reflekterar på bedrifta som sponsar. Mengde og innhald frå idrett i media ser ut til å vere dei to viktigaste faktorane for sponsorverdi.