BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Storfisk- tolkingsrammer for lakseoppdrett i norske media

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Kråkås, Øyvind
dc.date.accessioned 2012-08-08T11:31:56Z
dc.date.available 2012-08-08T11:31:56Z
dc.date.issued 2012-05-15
dc.date.submitted 2012-05-15 en
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/5923
dc.description.abstract Laksen har ein heilt spesiell posisjon i vår nasjon. Denne feite, store fisken har vore ein del av folket her nord sitt kosthald i tusenvis av år. Laksen sin livssyklus er spesiell, og innbyr til mystifisering. Han vert fødd i elva, går ut i havet, og returnerar til elva for å formeire seg. Dette vandringsmønsteret er kjelde for fascinasjon, undring og konflikt. For laksen er ein attraktiv fisk, som matfisk og som sportsfisk. Men kven eig laksen? Kven skal få hauste av han? Konflikten mellom sjøfiske og elvefiske er gamal, men dei siste 40 åra har og ein ny part dukka opp i kampen om laksen; dei som vil halde han som husdyr. Lakseoppdrett har vorte ein kystindustriell revolusjon, fråflyttingsbygder har bygd "gods på havet". Frå å vere eit eksperiment med avstengte pollar, heimelaga fôr og sal til lokale hotell og restaurantar, har laksenæringa blitt ei av våre viktigaste eksportnæringar. Den årlege produksjonen av oppdrettslaks ligg på 1 million tonn, med eksportverdi på kring 30 milliardar NOK. Laksen utgjere knapt halvparten av sjømateksporten i volum, og over halvparten i verdi. Sjømat er vår tredje mest verdifulle eksportsektor, etter olje og gass. Verdiutviklinga i norsk lakseoppdrett har gjeve periodar med "gullrush", der berre dei beste sildesesongane kan vise til noko liknande på norskekysten. Dominansen av privat eigarskap skil havbruk og fiskeri vesentleg frå den industrielle framgangen i petroleumssektoren. Men til liks med den rivande utviklinga, har konfliktnivået kring havbruksnæringa tidvis vore høgt. Konsesjonskamp, lokaliseringsstrid og kampen om tilgang på kapital har skapt konfliktar lokalt. Samstundes har eit økologisk aspekt skapt problem for næringa. Forskarar hevdar at lakselus og rømming frå oppdrett skadar overlevinga hos den ville laksen. Dette har kveikt ein konflikt der både sjøfiskarar og elvefiskarar har meint at deira interesser har blitt skadelidande. Dei siste åra har det blitt hevda at lakseoppdrettsnæringa har eit omdømeproblem. At ho har for få vener. At ho slit med å overtyde nasjonen og omverda om sin rett til å eksistere, og ikkje minst til å vokse vidare. Diskusjonen om det dårlege omdømet har nådd like inn i næringa sine viktigaste samråd, og bak i næringa sine inste gongar. Og over det heile våkar forteljarane, dei som skal formidle det norske lakseeventyret, med alle sine skumle og fascinerande figurar, sine heltar og troll. Denne oppgåva vil analysere det norske oppdrettslakseeventyret, slik det blir fortalt av norske media. Den vil sjå over orda og under overflata, på dei politiske samanhengane, på straumane som tek tankegods med seg frå fortida og inn i notida. Den vil måle temperaturar i debatten, og fastslå klimautviklinga. Den vil sortere interesser og konfliktar. Oppgåva set oppdrettslaksen i sentrum, og vil søkje denne si rolle gjennom snitt i sogeskriftene. Kva er det eigentleg som blir sagt om oppdrettslaksen? Kva rolle har blitt han til del, i det norske lakseeventyret? en
dc.format.extent 674145 bytes en
dc.format.mimetype application/pdf en
dc.language.iso nno en
dc.publisher The University of Bergen en
dc.title Storfisk- tolkingsrammer for lakseoppdrett i norske media en
dc.type Master thesis en
dc.type.degree Master en
dc.type.course MEVI350 en
dc.subject.nsi VDP::Social science: 200::Media science and journalism: 310 en
dc.subject.archivecode Mastergrad en
dc.subject.nus 735116 en
dc.type.program MASV-MEVI en


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account