Innsette i norske fengsel: Motiv for utdanning
Research report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/7814Utgivelsesdato
2006Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne rapporten byggjer på ei undersøking blant alle innsette over 18 år i norske fengsel. To tusen to hundre og femti innsette svarde på eit spørjeskjema. Dette gjev ein svarprosent på 71,1 av dei som fekk skjemaet i perioden andre til niande februar 2006. I ein tidlegare rapport (Eikeland, Manger og Diseth, 2006) har vi gitt eit samla bilete av innsette sin utdanningsbakgrunn, utdanningsønska deira og kor mange som har juridisk rett til utdanning. Denne rapporten omhandlar dei innsette sine grunnar til å ta utdanning og kva dei opplever som hinder for å ta utdanning. Nedanfor er dei viktigaste funna samanfatta. Desse tre einskildgrunnane vart nemnde av flest innsette som ’svært viktige’ grunnar til å ta utdanning i fengsel: 1) ’for å nytta tida til noko fornuftig og nyttig’, 2) ’for å tileigna meg fagleg kunnskap’ og 3) ’for å lettare å få jobb etter avslutta soning’. Ein faktoranalyse av femten einskildgrunnar for å ta utdanning samanfatta grunnane i tre motivasjonskategoriar: 1) grunnar som hadde å gjera med endring og meistring av framtida, 2) sosiale og situasjonsprega grunnar og 3) grunnar som gjaldt tileigning av kunnskapar og dugleik. ’Endring og meistring av framtida’ var den viktigaste motivasjonskategorien. Statistisk forklarte han meir av variasjonen i dei innsette sine svar enn dei andre kategoriane til saman. Innsette med låg og høg utdanning var ikkje signifikant ulikt motiverte for endring og meistring av framtida. Innsette med låg utdanning var signifikant meir motiverte av sosiale og situasjonsprega grunnar enn innsette med høg utdanning. Innsette med høg utdanning var signifikant meir motiverte av ønske om å tileigna seg kunnskapar og dugleik enn innsette med låg utdanning. Ein femdel av dei innsette som ikkje tok utdanning i fengsel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at fengslet ikkje hadde utdanningstilbod. Nær ein femdel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at dei ikkje fekk informasjon om utdanning i fengslet. Nær ein femdel kryssa av for at ein grunn til at dei ikkje tok utdanning var at fengslet ikkje hadde utdanningstilbod som passa dei.