Merknadar til bokmeldinga av Mønster (NSH I)
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
Original version
NLT - Norsk lingvistisk tidsskrift. 2020, 1, 93-131Abstract
Denne artikkelen er svar på omtalen Sverre Stausland Johnsen hadde av boka Mønster (NSH I) i NLT 1-2019. Redaktørane og forfattarane noterer seg nokre feil som Johnsen påviser, men omtalen inneheld mange galne påstandar, og Johnsen misforstår teksten i NSH I. Det etymologiske synet hans på ‘norsk’ og ‘ikkje-norsk’ blir nedanfor avvist som ufruktbart viss målet er å forstå eigenskapar ved språk og kreftene i språkendringsprosessane, for språket fungerer synkront. I svaret blir òg refleksjonane Johnsen har om årsakene til språkendring, imøtegått; læresetningane hans er for enkle til å kunne gjere greie for dei mange mønstera i resultata frå empiriske granskingar. Prinsippet om enkelheit kan ikkje overstyre eit prinsipp om at påstandar og teoriar skal vere sannsynlege. Kritikken han fører fram i diskusjonen om språkhaldningar, overser skiljet mellom bevisste og underbevisste haldningar, som er både sentralt i sosiolingvistikken og ein føresetnad for drøftinga i NSH I.