What is Above is Within: William Blake and the Alchemical Paradigm
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2761423Utgivelsesdato
2021-06-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [214]
Sammendrag
Denne oppgåva utforskar William Blake sin firfaldige visjon som ei oppleving av gnosis, og ser på korleis ein større alkymistisk tradisjon kan ha påverka utviklinga av Blake sine to profetisk verk Milton: A Poem in Two Books og Jerusalem: The Emanation of the Giant Albion. Oppgåva baserer seg på nyare esoterisk teori, deriblant Wouter J. Hanegraaff sitt alkymistiske paradigme: eit tankesett som fyrst gjorde seg gjeldande i kjølevatnet av Paracelsus. Det alkymistiske paradigme byggjer på ei religiøs forståing av transmutasjon, og opererer ut frå eit syn om at alt byrjar i ein tilstand omslutta av mørke. Vegen til «lyset», eller det transcendentale, avheng av ei dynamisk samhandling mellom motsetjande krefter: ein prosess som vektlegg personleg erfaring heller enn leiing frå religiøse autoritetar. Ein av dei sentrale figurane i det alkymistiske paradigmet er teosofen Jakob Böhme, som Blake let seg inspirere av. Målet med oppgåva er å forstå parallellane mellom Blake og Böhme i lys av ein større esoterisk tradisjon, nemleg det alkymistiske paradigmet. Fokuset er særleg retta mot Blake si framstilling av syndefallet, og den transformative reisa som krevst for å sjå det «Evige» i den falne verkelegheita. Oppgåva samanliknar utfallet av Blake si transformative reise med ei oppleving av gnosis: ei form for religiøs innsikt som utartar seg som ei sanseoppfatning av ei djupare verkelegheit. Ettersom opplevinga av gnosis òg dannar grunnlaget for Böhme sin teologi, er det naturleg å vurdere korleis nettopp denne forma for gnosis kan ha påverka Blake. Gjennom å analysere Blake sine to profetiar utifrå dei tre fargekoda trinna i transmutasjonsprosessen, ser ein tydeleg konturane av ein alkymistisk konfigurasjon i den firfaldige visjonen. Denne fullkomne visjonen er ei oppleving av å sjå det guddommelege i det verdslege liv, noko som gjer det klart for oss at himmelriket er å finne i kvart enkelt menneskje. Oppgåva slår fast at ein kan sjå klare likheitstrekk mellom den firfaldige visjonen, og Böhme si alkymistiske framstilling av gnosis.