Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKirkholm, Kamilla
dc.date.accessioned2021-06-26T00:16:34Z
dc.date.available2021-06-26T00:16:34Z
dc.date.issued2021-06-02
dc.date.submitted2021-06-25T22:00:47Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2761423
dc.description.abstractDenne oppgåva utforskar William Blake sin firfaldige visjon som ei oppleving av gnosis, og ser på korleis ein større alkymistisk tradisjon kan ha påverka utviklinga av Blake sine to profetisk verk Milton: A Poem in Two Books og Jerusalem: The Emanation of the Giant Albion. Oppgåva baserer seg på nyare esoterisk teori, deriblant Wouter J. Hanegraaff sitt alkymistiske paradigme: eit tankesett som fyrst gjorde seg gjeldande i kjølevatnet av Paracelsus. Det alkymistiske paradigme byggjer på ei religiøs forståing av transmutasjon, og opererer ut frå eit syn om at alt byrjar i ein tilstand omslutta av mørke. Vegen til «lyset», eller det transcendentale, avheng av ei dynamisk samhandling mellom motsetjande krefter: ein prosess som vektlegg personleg erfaring heller enn leiing frå religiøse autoritetar. Ein av dei sentrale figurane i det alkymistiske paradigmet er teosofen Jakob Böhme, som Blake let seg inspirere av. Målet med oppgåva er å forstå parallellane mellom Blake og Böhme i lys av ein større esoterisk tradisjon, nemleg det alkymistiske paradigmet. Fokuset er særleg retta mot Blake si framstilling av syndefallet, og den transformative reisa som krevst for å sjå det «Evige» i den falne verkelegheita. Oppgåva samanliknar utfallet av Blake si transformative reise med ei oppleving av gnosis: ei form for religiøs innsikt som utartar seg som ei sanseoppfatning av ei djupare verkelegheit. Ettersom opplevinga av gnosis òg dannar grunnlaget for Böhme sin teologi, er det naturleg å vurdere korleis nettopp denne forma for gnosis kan ha påverka Blake. Gjennom å analysere Blake sine to profetiar utifrå dei tre fargekoda trinna i transmutasjonsprosessen, ser ein tydeleg konturane av ein alkymistisk konfigurasjon i den firfaldige visjonen. Denne fullkomne visjonen er ei oppleving av å sjå det guddommelege i det verdslege liv, noko som gjer det klart for oss at himmelriket er å finne i kvart enkelt menneskje. Oppgåva slår fast at ein kan sjå klare likheitstrekk mellom den firfaldige visjonen, og Böhme si alkymistiske framstilling av gnosis.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectWilliam Blake
dc.subjectMichael Maier
dc.subjectesoteric
dc.subjectesotericism
dc.subjectJacob Boehme
dc.subjectmysticism
dc.subjectMilton
dc.subjectJerusalem
dc.subjectalchemy
dc.subjecttransmutation
dc.subjectfourfold vision
dc.subjectgnosis
dc.subjectJakob Böhme
dc.subjectalchemical paradigm
dc.titleWhat is Above is Within: William Blake and the Alchemical Paradigm
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-06-25T22:00:47Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeEngelsk mastergradsoppgave
dc.description.localcodeENG350
dc.description.localcodeMAHF-ENG
dc.description.localcodeMAHF-LÆFR
dc.subject.nus711124
fs.subjectcodeENG350
fs.unitcode11-20-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel