«Transvestittbehandlingsspørsmålet»: Helsetilbod ved transseksualisme i Noreg 1952–1979
Journal article, Peer reviewed
Published version
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766206Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Historisk Tidsskrift. 2020, 99 (4), 316-331. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2020-04-05Sammendrag
I Noreg starta ein fagleg diskusjon kring genuin transvestisme og moglegheiter for å gi eit behandlingstilbod til personar med denne tilstanden tidleg på 1950-talet. Kva sette i gang denne diskusjonen og kva vart utfallet av han? Artikkelen undersøker norsk debatt i media og medisinsk-faglege tidsskrift i perioden 1952–1979. Ein sentral figur i perioden var Christine Jørgensen, som i 1952 vart verdskjent med forteljinga om korleis ho gjekk frå å vere mann til å bli kvinne. Offentleg merksemd kring såkalla kjønnsskifteoperasjonar internasjonalt påverka også det norske mediebildet og det medisinfaglege feltet, og dette kravde handling frå norske helsestyresmakter. Artikkelen argumenterer for at den norske faglege diskusjonen dreiv fram, på trass, eller kanskje som fylgje av ueinigheiter, eit behandlingstilbod. Gjennom å auke forståing for korleis og på kva premiss eit norsk behandlingstilbod vart oppretta, får ein eit innblikk i forståinga av kjønn, kropp og identitet i perioden frå Jørgensen fyrst vart verdskjent i 1952, til eit behandlingstilbod ved Rikshospitalet vart etablert kring 1979.