Jakta på dei døde frå Borgund
Original version
Årbok for Universitetsmuseet i Bergen. 2020, 25, 60-73.Abstract
Då arkeologane gjekk i jorda i Borgundgavlen utanfor Ålesund på 1950-talet, var det første gong vanlege mellomaldermenneske sin busetnad vart undersøkt arkeologisk i Noreg. I ruinane av den øydelagde småbyen Borgund fann arkeologane svært mykje, og dei samla inn ‘alt’ – på ulike måtar. No, snart 70 år seinare, grev vi fram dei arkeologiske kjeldene på nytt frå magasin og arkiv i samband med det nye forskingsprosjektet om Borgund. Då dukkar det også opp merkelege funn som ikkje alltid gir meining ved første augekast. Eitt av desse er avstøypingar av det som ein gong var menneskegraver frå mellomalderen.
Publisher
Universitetet i BergenSeries
Årbok for Universitetsmuseet i Bergen;25Universitetsmuseet i Bergen skrifter;37