Ein kvalitativ studie av elevsamtale i gjennomføring av memoryspel med matematiske definisjonar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3001641Utgivelsesdato
2022-06-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [130]
Sammendrag
Målet med denne studien var å sjå kva element som var framtredande i den elevsamtalen som oppstod i gjennomføring av memoryspel med matematiske definisjonar, og kva for nokre indikasjonar på læringsmoglegheiter som var synlege i samtalen. Oppgåva kartlegg dette basert på elevsitat i gjennomføring av aktiviteten. Gjennomføringa av aktiviteten, memoryspel med matematiske definisjonar, gjekk føre seg i ei økt på 90 minutt. Elevane gjennomførte memoryspel i grupper på to og tre stykk, totalt tre grupper. Studien nyttar kvalitative forskingsmetodar. For å kunne få innsikt i elevsamtalen som oppstod, filma eg elevane i gjennomføringa av denne økta, og gjorde eitt opptak per gruppe. Sjølve opptaka er på rundt 30 minutt. Den samtalen som oppstod i kvar av gruppene, danna grunnlaget for å kunne svare på kva som er framtredande i samtalen, samt kva indikasjonar på læringsmoglegheiter som er synleg. Oppgåva legg blant anna til grunn Tall og Vinner (1981) sine definisjonar av omgrepsbilete og omgrepsdefinisjon. Eg nyttar meg også blant anna av Gert Hana (2013) sin definisjonsteori og Kobiela og Lehrer (2015) og De Villiers (1998) si forsking i studiane av resultata frå datainnsamlinga. Det vart funne fem element i datamateriale som var framtredande, og fire indikasjonar på læringsmoglegheiter. Dei framtredande elementa i datamateriale var: Omgrepsbilete og omgrepsdefinisjon, matematiske spørsmål, respons på matematiske spørsmål eller utsegn, metadiskusjon og indikasjon på løysing av ei kognitiv konflikt. Elementa som hadde indikasjonar på læringsmoglegheiter var: Matematiske spørsmål, korrigering, metadiskusjon og indikasjon på løysing av ei kognitiv konflikt. Det siste elementet, indikasjon på løysing av ei kognitiv konflikt, er eit funn av stort omfang, og dette funnet inneheld delar frå alle dei andre elementa. Å oppnå løysing på kognitiv konflikt hos ein elev, er det optimale utbyttet for elevane etter arbeid med å definere, og det ein bør ha som mål å oppnå. Studien har gjett forståing av korleis samtaler rundt definisjonar mellom elevane artar seg og peikt på læringsmoglegheitane som kan vere til stades i ein slik elevsamtale knytt til matematiske definisjonar. Studien tyder også på at elevane har manglande opplæring i det å definere som ein aktivitet og definisjonar generelt.