Programleiarrolla i tv-dokumentaren - på godt og vondt
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3001950Utgivelsesdato
2022-06-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [246]
Sammendrag
Tema for oppgåva er programleiarrolla i tv-dokumentaren. Journalistikk er basert på rapportering som samsvarar med røynda (Brurås, 2014, s. 53). Dette kan gjerast på ulike vis. Medan nyheitsjournalisten strevar etter profesjonsidealet om objektivitet, vel dokumentaristen å basere sanninga på ei balansert framstilling av eigne og andre sine opplevingar og erfaringar. Denne teoretisk-analytiske oppgåva er forma som ei kvalitativ empirisk intervjuundersøking av følgjande problemstilling: Korleis by på seg sjølv som programleiar slik at det tilfører historia substans og ikkje villeier sjåaren? Denne hovudproblemstillinga leier oss til følgjande underproblemstilling: Korleis by på seg sjølv utan å tråkke over eigne grenser på vegen? For å svare på dette, har eg intervjua programleiarane Gerhard Helskog, Janne Amble, Kadafi Zaman, Milda Melland og Leo Ajkic. Dette for å få ei heilskapsforståing av korleis informantane opplever rolla som programleiar på godt og vondt. Hovudfunna viser at det er historia som er stjerna – ikkje journalisten. Programleiaren er ein del av formidlingspakka for å kaste lys på menneske som har noko viktig å fortelje. Dersom det er nødvendig å bruke seg sjølv som bindemiddel og forteljargrep, er det i orden så lenge ein ikkje går i vegen for historia som blir fortalt.