Tilpassa opplæring i matematikkundervisinga for elevar med stort læringspotensial
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3050127Utgivelsesdato
2023-01-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [115]
Sammendrag
Fleire elevar med stort læringspotensial får ikkje oppleve ei opplæring som er tilpassa nok til kunnskapane deira og framgangen deira. Desse elevane bør, i likskap med alle andre elevar i skulen, bli møtt med eit læringsmiljø som gir dei faglege utfordringar og motivasjon. Difor er det viktig å ha kunnskap om korleis ein kan legge til rette for ei opplæring og undervising som er tilpassa denne elevgruppa, slik at ein kan fremje læring og utvikling. Denne masteroppgåva presenterer ein studie av kva lærarar gjer for å tilpasse undervisinga til elevane med stort læringspotensial i ulike organiseringar av matematikkundervisinga, og korleis tilpassingstiltaka til lærarane blir erfart. Dette er formulert i problemstillinga: «Korleis erfarer lærarar tilpassinga av undervisinga til elevar med stort læringspotensial i ulike organiseringar av matematikkundervisinga?» I studien deltok to klassar på ein vidaregåande skule. Den eine er ein vanleg samansett klasse i matematikk 2P, der det er stor variasjon i fagleg nivå og interesse for faget. Den andre er ein nivådifferensiert klasse i matematikk R2 med forserande elevar, som har relativt høgt og jamt fagleg nivå og engasjement. Det vart gjort observasjon av ein dobbeltime undervising i kvar av klassane og gjennomført kvalitative semi-strukturerte intervju av dei to lærarane og to elevar frå kvar klasse. I analysen av data vart intervjua transkribert, og vidare vart koding og kategorisering gjort i dataprogrammet NVivo. Funna i studien viser at tilpassinga av undervisinga til elevane med stort læringspotensial blir påverka av organiseringa av undervisinga. I kvart av klasseromma blir det gjort tiltak som er tilpassa variasjonen i fagleg nivå, motivasjon og interesse. Desse tiltaka verkar å bidra til eit læringsmiljø som gir elevane faglege utfordringar og motivasjon. Eg konkluderer at undervising i organisering med elevar med tilnærma same fagleg nivå og engasjement er lettare å gjennomføre for læraren, og gir betre tilpassa undervising for dei mest evnerike og motiverte elevane. Undersøkinga kan også tyde på at nivådifferensiert undervising kan gi betre fagleg utvikling for desse. Metoden brukt i studien har vore godt eigna for å auke kunnskapsnivået knytt til korleis ein kan tilpasse matematikkundervising til elevar med stort læringspotensial.