Show simple item record

dc.contributor.authorHogrenning, Henriette Langø
dc.date.accessioned2023-02-16T13:33:52Z
dc.date.issued2022-06-01
dc.date.submitted2023-01-27T23:00:18Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3051564
dc.description.abstractPraktisk arbeid med forsøk og demonstrasjonar er ein sentral del av kjemifaget. I etterkant av praktisk arbeid brukar elevane ofte å skrive ein forsøksrapport. Læraren har medverknad over desse faktorane: kva forsøk som gjennomførast, korleis dei gjennomførast, kva forventningar som legg til grunn for eventuelle forarbeid og etterarbeid. Desse faktorane har eg valt å samle og kalle oppsett for forsøk. Gjennom ei kvalitativ analyse av forsøksrapportar har eg valt å sjå nærmare på i kva grad og korleis oppsett for forsøk påverkar det elevane legg fram i sine forsøksrapportar. Hensikta er å undersøke om det er noko læraren kan gjere før, under eller i etterkant av forsøket for å til dømes få fram meir av elevane sine tankeprosessar i rapportane. Forskingsprosjektet har tatt omsyn til ulike utformingar av forsøksrapportar (rapportmal, fritt val), kva spørsmål som eventuelt er stilt i rapportmalen, gjennomføring av forsøka og diskusjon knytt til forsøka både før, under og etter utføring. Koding av datamaterialet er nytta til å få djup innsikt i kva rapportane inneheld. Spesifikt er grunngivingar og forklaringar presentert i rapportane koda nøye. Analysen i samband med teori avdekka at det er mogleg at både utforming av rapportmal, spørsmål i denne og diskusjon undervegs i prosessen kan ha fått fram fleire hypotesar, grunngivingar samt resonneringar og faglege samanhengar i rapportane. Det er og tydeleg at tal grunngivingar er i direkte samanheng med tal hypotesar. Dermed kan både teori og analysen belyse viktigheita av å få elevane til å danne hypotesar om forsøka som skal utførast. Gjerne i samband med faglege diskusjonar.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectForsøksrapportar
dc.titleKorleis kan oppsett for forsøk påverke rapportar i kjemifaget?
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-01-27T23:00:18Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgave i kjemi
dc.description.localcodeKJEM399K
dc.description.localcodeMAMN-LÆRE
dc.description.localcodeMAMN-KJEM
dc.subject.nus752299
fs.subjectcodeKJEM399K
fs.unitcode12-31-0
dc.date.embargoenddate2023-06-01


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record