Bergens Ligbrændingsforening og Bergens Museum
Chapter
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3113098Utgivelsesdato
2023-12Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Årbok for Universitetsmuseet i Bergen. 2023, 28, 137-146.Sammendrag
Fram til Muséplass 3 stengte for rehabilitering i 2013, var bysta av Daniel Cornelius Danielssen det første ein såg då ein kom inn dørene på museet. Denne bysta avbilda ikkje berre mannen som hadde vore direktør og preses på museet, men inneheldt også kremasjonsoska etter Danielssen. Då Danielssen døydde i 1894, var kremasjon, då kalla ligbrænding, ulovleg i Noreg. Før Lov om Ligbrænding vart innført 11 juni 1898, hadde likbrenning vore ulovleg i nesten 1000 år. På siste halvdel av 1800-talet vart den moderne likbrenninga utvikla og innført i fleire Europeiske land. Nasjonale og lokale foreiningar vart oppretta for å tale for innføring av likbrenning. Bergens Ligbrændingsforening vart oppretta i 1892, og skulle til slutt gi Bergen det første krematoriet i Noreg. Danielssen var ein av initiativtakarane til denne foreininga, og jobba mellom anna saman med Jørgen Brunchorst, Klaus Hanssen og Armauer Hansen for å innføre likbrenning som frivillig alternativ til jordgravlegging i Noreg. Kva handla denne rørsla om, og korleis var den til stades ved Bergens Museum?
Utgiver
Universitetet i BergenSerie
Årbok for Universitetsmuseet i Bergen;28Universitetsmuseet i Bergen skrifter;40