Resonnering og argumentasjon i matematikkundervisninga i vidaregåande skule
Master thesis
View/ Open
Date
2024-06-03Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [130]
Abstract
Resonnering og argumentasjon har dei seinare åra fått meir merksemd i matematikkundervisninga, noko som vart endå tydelegare ved innføringa av LK20 der resonnering og argumentasjon er eit av seks kjerneelement. Men kva legg lærarane i at elevane skal læra seg å resonnera og argumentera? Formålet med dette masterprosjektet er å sjå på korleis lærarar forstår desse omgrepa sjølv, korleis dei forstår læreplanen og korleis læreplanen påverkar dei i implementeringa av resonnering og argumentasjon i undervisninga. Problemstillinga for oppgåva er difor: Kva er lærarar i matematikk R2 sine haldningar til, samt forståing av resonnering og argumentasjon, og i kva grad implementerer dei konsepta i undervisninga?
For å få innblikk i lærarar sine tankar og opplevingar kring resonnering og argumentasjon vart ei kvalitativ tilnærming valt, og intervju vart valt som datainnsamlingsmetode. Fire lærarar frå fire ulike skular på Vestlandet deltok i undersøkinga. Analysen vart gjennomført ved tematisk analyse, ved hjelp av deduktiv og induktiv utarbeiding av kodar.
Lærarane forbinder resonnering og argumentasjon i det store og heile med å grunngi og å bygga opp under idear eller løysingsmetodar og nytta det til å trekka konklusjonar, i tillegg til at det handlar om å sjå samanhengar og utvikla djupare forståing for dei matematiske konsepta. Dei knyt resonnering og argumentasjon tett opp mot utforsking og generalisering, som dei opplev som viktig i matematikk R2. Funna frå undersøkinga tyder på at lærarane let seg påverka meir av læreboka og eksamen enn av kjerneelementa i den offisielle læreplanen. Det tyder derimot ikkje at dei ikkje implementerer resonnering og argumentasjon som dei alle opplev som ein heilt essensiell del av matematikken, og spesielt i matematikk R2. På den andre sida meiner lærarane at ein ikkje bør fokusera for mykje på desse konsepta då andre ferdigheiter og er viktig. Resultata gir inntrykk av at lærarane særleg legg opp til munnleg aktivitet for å implementera resonnering og argumentasjon ved heilklassesamtale eller samtale i grupper. I tillegg forventar lærarane at elevane grunngir og viser løysingsmetodar, samt at alle lærarane og er opptekne av å visa bevis på tavla for å gjera elevane kjend med matematiske formuleringar og tenkjemåte. For å få eit betre bilete av implementering av resonnering og argumentasjon, kan ein i vidare forsking også nytta observasjon for å sjå om lærarane si oppfatning av implementering stemmer overeins med det som utspelar seg i klasserommet.
Description
Revised version: spelling errors corrected.