Omgrepsforståing og arbeid med problemløysingsoppgåver i matematikk
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3147245Utgivelsesdato
2024-06-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [130]
Sammendrag
I mi oppgåve har fokus vore elevar si omgrepsforståing i samanheng med problemløysing. Dette kjem av kjerneelementa i matematikk på vidaregåande som går inn på både representasjonsbruk i samband med matematiske omgrep og problemløysing. Problemstillinga i denne oppgåva er: Kva for samanhengar er det mellom elevar si omgrepsforståing og arbeid med problemløysing?
I arbeidet med å finna eit svar på problemløysinga har dei tre fylgjande forskingsspørsmåla ligge til grunn: 1.Korleis vert representasjonar nytta når elevar arbeider med problemløysing? 2.Korleis kan omgrepsforståing kjennast att når elevar arbeider med problemløysing? 3.Kva for kjenneteikn på algoritmisk tenking kjem til syne når elevar arbeider med problemløysing?
Metoden som vart brukt var å observera og samla inn taleopptak av elevar som arbeidde med problemløysingsoppgåver. Elevane arbeidde i grupper, med den hensikt å få dei til å snakka saman om oppgåvene, for å kunna analysera omgrepsforståing hos elevane. Teorien som ligg til grunn er basert på tidlegare forsking på semiotiske representasjonar (Duval, 2006), omgrepsforståing (Bravo et al., 2007; Haug & Ødegaard, 2014), algoritmisk tenking (Shute et al., 2017), og problemløysingsoppgåver (Hagland et al., 2005; Stedøy, 2018).
Funn i studiet viser at representasjonsbruken til elevane har noko å seia for løysingsprosessen med tanke på progresjonen i oppgåva, og korleis dei viser omgrepsforståing. Kjenneteikn på algoritmisk tenking medan elevane arbeidde med problemløysingsoppgåvene var nedbryting, abstraksjon, algoritmekonstruksjon, feilsøking og iterasjon, som gjerne vart initiert i etterkant av ei synleggjering av aktiv omgrepsforståing. I resultata frå datainnsamlinga kan det også identifiserast ein samanheng mellom omgrepsforståing og arbeid med problemløysing via både algoritmisk tenking og representasjonsbruk.