Framstegspartiet i 2017 - moderate høgrepopulistar? Ei analyse av nativistiske og populistiske trekk i partiprogrammet før, og etter fire år i regjeringa.
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/17924Utgivelsesdato
2018-06-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Våren 2017 bles det sterke høgrepopulistiske vindar over Europa. I Noreg skulle det vere stortingsval hausten same år, og vi skulle få svaret på om Frp, det norske høgrepopulistiske partiet, ville klare attval saman med regjeringspartnar Høgre. Det var tidleg klart for meg at eg ville skrive om høgrepopulismen, og eg landa etter mykje grubling på ei vinkling der eg ville studere i kva grad den høgrepopulistiske ideologien i Frp har blitt påverka etter at Frp fekk regjeringsmakt hausten 2013. Debatten kring partiet sin ideologiske ståstad blussa opp i valkampinnspurten, og eg fann ut at ingen så langt hadde gjort ei nærstudie av dei to nyaste partiprogramma til Frp. Med utgangspunkt i Cas Mudde sitt teoretiske rammeverk frå 2007, saman med ein gjennomgang av faglitteraturen på feltet, etablerte eg idealtypar av to av kjerneelementa i høgrepopulistisk ideologi: nativisme og populisme. Eg bestemte meg for følgjande problemstilling som utgangspunkt for analysen: Har Frp blitt mindre nativistisk og populistisk i løpet av dei fire åra dei har hatt regjeringsmakt? For å finne svaret valde eg å legge hovudvekta på ei kvalitativ tekstanalyse av partiprogrammet frå 2013, og samanlikne med programmet vedteke i 2017. Hovudfunna mine er at ein finn både nativistiske og populistiske trekk allereie i 2013-programmet, og at nativismen er tydeleg styrkt i 2017 samanlikna med i 2013. Innvandringspolitikken er blitt meir restriktiv, velferdssjåvinismen meir tydeleg, og ein kan i 2017 finne fleire døme på anti-islamsk tankegods som sett under eitt kan lesast med ein undertekst av islamofobi. Også når det gjeld populisme er det endringar, men retninga her er mindre markant. Kort oppsummert er kravet om direkte folkerøysting noko svekt, medan eit anna høgrepopulistisk trekk, euroskepsisen, er tydeleg styrkt. Euroskepsisen ligg for øvrig i skjeringspunktet med nativismen, og bygger såleis opp under at nativismen er styrkt. Eg hadde ein hypotese om at dei høgrepopulistiske trekka ville bli moderert etter at partiet kom i regjering. Analysen min viser at hypotesen var feil. Det er til no ikkje mange høgrepopulistiske parti som har hatt regjeringsmakt i Europa, og det finst lite forsking på kva som skjer med ideologien til høgrepopulistiske parti som har fått slik makt. Studiet mitt viser at i det norske tilfellet, der det relativt moderate høgrepopulistiske partiet Frp har fått regjeringsmakt, har høgrepopulismen blitt styrkt.