Agent nouns in the language of Caxton’s edition of Le Morte Darthur: An analysis of the distribution and morphosemantic structure of agent nouns in William Caxton’s edition of Malory’s Le Morte Darthur
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/19838Utgivelsesdato
2019-05-28Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [220]
Sammendrag
I denne masteroppgåva vart agent nouns, agentative substantiv, i språket til William Caxton si utgåve av Le Morte Darthur undersøkt. Eit agentativt substantiv er ein ordformasjon som uttrykker utføraren av verbet i basen. Dei er typisk forma av ein verbal base + ein agentativ suffiks, for eksempel ein baker (bake + er) er ‘ein som baker’. Ein agent er ein semantisk kategori som er kjenneteikna av at kategori-medlemmane uttrykk visse agentive properties. Studien har undersøkt denne typen ordformasjon i Le Morte Darthur, som representerer språket i språkperioden late Middle English. Dei to overordna forskingsspørsmåla spør på den eine sida om desse formasjonane i forhold til kva som kjenneteiknar distribusjonen av dei i teksten, i forhold til etymologi både av leksema og suffiksa. På den andre sida kva som kjenneteiknar deira morfosemantiske oppbygging i forhold til uttrykking av agentive properties mellom agent substantiv, base, og om det er noko skilnad der mellom suffiksa. For å undersøke agent substantiva vart teksten manuelt lest gjennom og relevante leksem henta ut, medan relevante suffiks i teksten vart søkt etter ved hjelp av programmet AntConc, for å forsikre at alle relevante formasjonar vart inkludert i korpuset. For informasjon om dei enkelte leksem i forhold til etymologi vart Oxford English Dictionary og Middle English Dictionary brukt. Kort oppsummert var resultata at det er flest native agent nouns i korpuset, den mest representerte suffiks er -er, dei fleste agent substantive er prototypiske, og det kan virke frå dataen at suffiks -er kan forme agent substantiv frå ikkje-agentive basar og gjev derivasjonen agentive properties. I tillegg vart to potensielle fyrste attesteringar, bitrayer og offenser, observert i korpuset