Innhald som sel
Master thesis

View/ Open
Date
2019-06-19Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [254]
Abstract
Betalingsmurar er blitt eit velkjend fenomen i nettaviser, og «pluss-saker» eller «berre for abonnentar» står det gjerne framfor deler av innhaldet avisa legg ut på nett. Det denne oppgåva har studert er kva innhald som er bak betalingsmur, og kva som ligg framfor, og det i ulike typar aviser. Lokal-, regions- og riksdekkande aviser er tatt med, for å finne forskjellar og likskapar mellom bruk av betalingsmur. Det er blitt undersøkt korleis innhaldet varierer i form av sjanger, lengd, geografisk relevans og saksområde. Avisene som er brukt er Fanaposten, Avisa Hordaland, Adresseavisa, Bergens Tidende, VG og Dagbladet. I hovudtrekk er geografisk relevans det som har størst tyding for lokal- og regionaviser, der dei lokale nyhenda er ofte plassert bak ein betalingsmur. Lokalavisene er dei avisene som har mest innhald bak betalingsmur, men dei fører ulike strategiar for hyppig «muren» er tatt i bruk. Avisa Hordaland har ei veldig lukka avis, med berre notisar og korte artiklar fritt tilgjengeleg, og vel dermed at deira innhald er eksklusivt for betalande lesarar. Fanaposten har derimot meir variasjon i kva som ligg fritt tilgjengeleg, og opnar slik opp for å kunne nytte av trafikk gratislesarar skapar ved å klikke seg inn på saker, utan å måtte betale. Regionavisene har mykje innhald om sport, både framfor og bak betalingsmur. Dei har ofte lokalnyhende bak betalingsmur, og nasjonal-relevante nyhende fritt tilgjengeleg. Dei største riksdekkande avisene, VG og Dagbladet, har omlag ingen nyhende bak betalingsmur. Det innhaldet dei sel, er stoff innan service- eller reportasjesjangeren.