Show simple item record

dc.contributor.authorLussand, Marit Folkedal
dc.date.accessioned2019-06-19T00:32:10Z
dc.date.available2019-06-19T00:32:10Z
dc.date.issued2019-06-19
dc.date.submitted2019-06-18T22:00:03Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20218
dc.description.abstractBetalingsmurar er blitt eit velkjend fenomen i nettaviser, og «pluss-saker» eller «berre for abonnentar» står det gjerne framfor deler av innhaldet avisa legg ut på nett. Det denne oppgåva har studert er kva innhald som er bak betalingsmur, og kva som ligg framfor, og det i ulike typar aviser. Lokal-, regions- og riksdekkande aviser er tatt med, for å finne forskjellar og likskapar mellom bruk av betalingsmur. Det er blitt undersøkt korleis innhaldet varierer i form av sjanger, lengd, geografisk relevans og saksområde. Avisene som er brukt er Fanaposten, Avisa Hordaland, Adresseavisa, Bergens Tidende, VG og Dagbladet. I hovudtrekk er geografisk relevans det som har størst tyding for lokal- og regionaviser, der dei lokale nyhenda er ofte plassert bak ein betalingsmur. Lokalavisene er dei avisene som har mest innhald bak betalingsmur, men dei fører ulike strategiar for hyppig «muren» er tatt i bruk. Avisa Hordaland har ei veldig lukka avis, med berre notisar og korte artiklar fritt tilgjengeleg, og vel dermed at deira innhald er eksklusivt for betalande lesarar. Fanaposten har derimot meir variasjon i kva som ligg fritt tilgjengeleg, og opnar slik opp for å kunne nytte av trafikk gratislesarar skapar ved å klikke seg inn på saker, utan å måtte betale. Regionavisene har mykje innhald om sport, både framfor og bak betalingsmur. Dei har ofte lokalnyhende bak betalingsmur, og nasjonal-relevante nyhende fritt tilgjengeleg. Dei største riksdekkande avisene, VG og Dagbladet, har omlag ingen nyhende bak betalingsmur. Det innhaldet dei sel, er stoff innan service- eller reportasjesjangeren.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.subjectBetalingsmur
dc.subjectstrategi
dc.subjectnettaviser
dc.titleInnhald som sel
dc.title.alternativeContent that sells
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2019-06-18T22:00:03Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i medievitskap
dc.description.localcodeMEVI350
dc.description.localcodeMASV-MEVI
dc.subject.nus735116
fs.subjectcodeMEVI350
fs.unitcode15-17-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record